Normal

Bork i kampen mot parasitt

Forskarmiljøet i Tingvoll skal finne ut om bork frå gran og furu kan vere med og betre helsa til drøvtyggarar som er plaga med parasittar.

Sauer på beite på Oppdølstranda

Sauer kan få store plager dersom dei får parasittar i mage og tarm. Men kanskje kan borken frå norsk gran og furu vere til hjelp.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

11 millionar kroner har Norsk senter for økologisk landbruk i Tingvoll fått frå Forskingsrådet for å forske på korleis bork frå norsk skog kan virke inn på mage- og tramplager hos drøvtyggarar.

Det var Tidens Krav som først melde om forskingsprosjektet i si papirutgåve.

Grantrær på rad og rekke

Borken frå gran kan vise seg å virke positivt inn på helsa til drøvtyggarar.

Foto: Ole Kr. Tangen

– Forskinga vil også avdekke om visse stoff i borken kan vere med og reduserer bruken og behovet for medisinar mot parasitt hos drøvtyggarar. Særleg for sau kan parasitt føre til store plager i mage- og tarmsystemet, seier forskar Håvard Steinshamn i Tingvoll.

For første gong i landet

Prosjektet i Tingvoll er det første i sitt slag her i landet, menfrå før er det kjent at bork frå tropiske tre kan virke positivt på parasitt-plager hos husdyr.

Det er garvesyra eller tannin i borken som kan virke gunstig på fordøyelsen hos husdyr.

Håvard Steinshamn, mannsportrett

Forskar Håvard Steinshamn og kollegaene hans på Tingvoll gler seg til å forske meir på bruken av bork for å bekjempe parasitt hos husdyr.

Foto: Olaf Østbø

– Dette blir eit svært spanande prosjekt. Vi kjem til å bruke tre år for å finne ut om norsk bork eignar seg i kampen mot parasittar og mageplager. I beste fall kan borken vere med og knekke parasitten, seier Steinshamn.

Forskinga skjer i samarbeid med mellom andre SINTEF i Trondheim, Veterinærinsituttet i Oslo og det velrenommerte Scotland`s Rural College, fortel Steinshamn.

Også Norsk institutt for bioøkonomi, universitetet i København, Bondelaget og Norsk sau og geit skal vere med. Desse skal mellom anna vere rådgivande ekspertgruppe.

Geitene jobber med å holde kulturlandskapet åpent.

Kan geiter få betre helse ved at dei et bork? Det vil forskarane i Tingvoll ha svar på.

Foto: Roar Strøm / NRK

Stor ressurs

Hovudmålet for forskinga som no skal skje, er å vurdere potensialet til såkalla kondenserte tannin i bark frå norske bartre. Det er eit biprodukt frå skogindustrien, og kan nyttast som fôrtilskott for å førebygge mage- og tarmparasitter hos drøvtyggjarar.

Tingvoll Gard

Tingvoll Gard ligg idyllisk til. Her har økologisk landbruk stått i fokus i fleire tiår, og forskarmiljøet her er rekna som svært solid.

Foto: Kjetil Valde

Bork frå gran og furu blir her i landet brukt mest til dekkbark og andre produkt for hagar.

– Men det er klart at bork er ein stor ressurs som kan vise seg å ha fleire bruksområde enn vi til no har vore klar over, seier Håvard Steinshamn.

Forskinga har også som mål å avdekke om er mogleg med kommersiell utnytting av bork til brukt på husdyr.