Hopp til innhold

Borgundfjordtunnelen til departementet

Forkjemparane trur Borgundfjordtunnelen kan bli eit utstillingsvindauge for regjeringa. I dag møter dei leiinga i samferdselsdepartementet.

Kjell Sandli

Kjell Sandli er prosjektleiar for tunnelen. I dag møter han den politiske leiinga i samferdselsdepartementet.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg trur dette er veldig viktig, eg gler meg til å få informere om prosjektet. Eg trur det er viktig å få støtte for dette i andre leire enn det vi har gjort før.

Det seier Kjell Sandli. Han er prosjektleiar for den planlagde undersjøiske tunnelen mellom Sula og Ålesund. Tunnelen skal vere privateigd og berre finansiert gjennom bompengar og ferjeavløysningspengar.

– Vi vil vise fram at det private næringslivet, saman med fylkeskommunen i denne samanhengen, kan dra fram eit prosjekt som kan bli eit utstillingsvindauge både for Høgre og Framstegspartiet, seier Sandli.

Borgundfjordtunnel

Den planlagte tunnelen skal gå mellom Ålesund og Sula.

Foto: Nordplan

Nye reglar gir utfordringar

I møtet i dag skal Sandli møte den politiske leiinga i departmentet. Han trur det blir viktig å bli samde om føresetnadene for det vidare arbeidet.

– Vi må få klarlagt kva spelereglar som gjeld for å realisere prosjektet, mellom anna dette med stigningsgrad. Der har reglane endra seg noko sidan vi starta prosjektet.

Regelendringa om kva som er lovleg stigningsgrad som er lovleg i nye tunnelar kan innebere at prosjektet blir dyrare enn planlagt. I verste fall kan det også bety at det må finnast eit nytt løp.

– Ellers vil det jo vere at vi må strekke den, men det er klart, blir tunnelen lengre, blir den også dyrare, seier Sandli.

Er det lettare å få gjennomslag for dette prosjektet no når Hafast er valt?

– Ja, det trur eg. Borgunfjordtunnelen vil få ei rolle i forhold til Hafast, seier Sandli.