Boreal tek over Molde-Vestnes
Statens vegvesen og Boreal Sjø AS har gått inn kontrakt om ferjedrift på E39 mellom Molde og Vestnes frå 2021. Dei skal drive to heilelektriske ferjer og to hybridferjer med avgang kvart 20. minutt på dagtid. Fjord1, som trafikkerer strekninga i dag, klaga over innstillinga i mai, men klagen blei ikkje følgt, skriv Vegvesenet i pressemeldinga.