Hopp til innhold

Bør legge ned føretaksmodellen

Norske sjukehus er organisert på ein måte som ikkje er eigna til å gje pasientane best mogleg behandling, det meiner leiaren i den landsdekkande Helsetenesteaksjonen Torgeir Bruun Wyller. – Føretaksmodellen legg opp til at helseføretaka skal tene pengar som skal overførast til regionane, og at det dreg fokus vekk frå det faglege innhaldet og tilbodet til pasientane, seier Wyller. Han peiker også på at promblema ein har i Helse Møre og Romsdal, også eksisterer i andre delar av landet. – No stormar det verst i Møre og Romsdal, men dette problemet har ein overalt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL