Hopp til innhold

– Bør halde fram som eige fylke

Nordlandsforsking AS meiner Møre og Romsdal bør halde fram som eiga fylke. Det er konlusjonen i ein rapport selskapet har laga for Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Møre og Romsdal

I samband med regionreforma har Nordlandsforsking AS gjort ei utredning av dei maktpolitiske konsekvensane for Møre og Romsdal i ein ny og større region, og anbefalinga er klar. Møre og Romsdal bør halde fram som eige fylke.

Rapporten «Maktpolitiske konsekvensar av nye alternative regioner – virkninger for Møre og Romsdal, forslag til løsning» er utarbeida på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Den uavhengige rapporten skal saman med eit kunnskapsgrunnlag utarbeida av fylkeskommunen, søke å gi eit best mogleg vedtaksgrunnlag når saka om eventuell samanslåing til større regionar skal behandlast av fylkestinget i desember.

Ikkje overraskande

Ole Helge Haugen

Fylkesplansjef Ole Helge Haugen

Foto: Gunnar Sandvik/NRK / NRK

-Rapporten frå Nordlandsforsking AS har tatt føre seg dei inndelingsalternativa som fylkestinget har vedteke at vi skal utgreie, seier fylkesplansjef Ole Helge Haugen, som ikkje er overraska over anbefalinga i den rykande ferske rapporten.

– Anbefalinga er i tråd med tidligare vedtak i fylkestinget, og nabosamtalene som har vore gjennomført har heller ikkje gitt oss konkrete alternativ å arbeide vidare med seier Haugen.

Sjølv om Nordlandsforskning anbefaler Møre og Romsdal vidare som eige fylke, seier dei og at vi må bli betre på å legge til rette for samarbeid over fylkesgrensene, særleg mot Trøndelag, for å bygge ned den barrieren grensa kan opplevast som for enkelte legg han til.

Fire moglegheiter for ein større region

Rapporten er utarbeidd på bakgrunn i ein strukturert dialog med regionale og lokale næringsaktørar, ekspertar, forskarar og politikarar. Der ein har sett på ulike «bilete» av framtidige regionar med utgangspunkt i tilgjengeleg statistikk innan område som folketalsutvikling, busetnadsmønster, politiske skiljelinjer og næringsstruktur.

I rapporten ser ein på fire ulike moglegheiter for ein større region. Møre og Romsdal saman med:

Trøndelagsfylka
Sogn- og Fjordane
Sogn og Fjordane og Hordaland
Oppland.

Desse fire alternativa er vidare vurdert opp mot ei vidareføring av Møre og Romsdal som eigen region.

– Det er viktig for oss at det politiske nivået får eit best mogleg kunnskapsgrunnlag før dei skal gjere vedtak om å eventuelt å gå inn ein større region. Rapporten frå Nordlandsforsking AS og vår interne utredning er derfor sendt ut til fylkestinget, kommunar og regionråd, slik at ein skal ha eit breiast mogleg kunnskapsgrunnlag når ein skal ta stilling til dette spørsmålet, avsluttar fylkesplansjef Ole Helge