Hopp til innhold

Då livet blei mørkt fann Ole Martinus lyset i dei små detaljane

Enkelte sorterer bøkene i hylla etter fargar for å følge interiørmoten. Ole Marius har oppdaga book nooks og har ei heil fantasiverd i bokhylla.

book nook av hobbithole Ole Martinus Breivik

Ole Martinus Breivik får mykje av inspirasjonen frå historiske hendingar, filmar og fantasylitteratur.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Inne i den runde, grasdekte hobbithola er bordet dekt og lyset er på. Utanfor er det ein hellelagt sti og eit bugnande frukttre.

Nei – dette er ikkje ei scene frå Ringenes Herre, det er bokhylla til Ole Martinus Breivik. Han har laga det som blir kalla ein book nook.

– Alt anna rundt meg forsvinn når eg bygger og lar fantasien bestemme, seier han.

Å lage book nooks har gitt Ole Martinus meir enn berre ein hobby, det har også hjelpt han med å halde seg i live.

Internasjonalt fenomen

Trenden med såkalla book nooks starta nok for fullt i 2020. Det meiner Hans Jørgen Nygårdshaug. Saman med kjærasten Martina Langseth Knutsen driv han ein YouTubekanal med 1.4 millionar følgjarar.

Hans Jørgen Nygårdshaug og kjærasten Martina Langseth Knutsen driv ein youtubekanal med 1.4 millionar følgjarar.

Hans Jørgen Nygårdshaug og kjærasten Martina Langseth Knutsen driv ein YouTubekanal med 1.4 millionar følgjarar.

Foto: The Nerdeforge

For to år sidan laga dei ein video som viser bygginga av Diagon Alley frå Harry Potter. Den har fått 1,8 millionar visningar på YouTube.

The Nerdeforge har lag aein book nook av Diagon Alley
Foto: The Nerdeforge

Han trur likevel ikkje dette er ein trend som kjem til å ta av, men synest det hadde vore kult om det blei populært blant folk flest.

For dei som ikkje ønskjer å lage dette sjølv kan ein kjøpe ferdige book nooks på nettet.

Alvorleg depresjon

Det er ikkje berre fantasien som får utløp når Ole Martinus fordjupar seg i detaljane. Hobbyen har vore ei redning gjennom alvorlege depresjonar i tillegg til behandlinga hos psykiater og lege.

Han har gått frå å berre ligge i senga, eller på golvet, til å klare å sete seg ned og fokusere på hobbyen.

– Eg får tankane vekk frå det mørke og over på at no skal eg lage noko unikt og spesielt, seier Ole Martinus.

book nook gasslekkasje Ole Martinus Breivik

I denne book nook'en har zoombiane gått laus på eit kjemikalielager.

book noook Ole Martinus Breivik

Ole Martinus har fanga stemninga i ei trong gate i ein italiensk by

Hobbithole book nook

Ei av hobbit-holene som Ole Martinus Breivik har laga som book nook.

Ole Martinus Breivik lagar book nooks på arbeidsrommet

Inne på arbeidsrommet finn Ole Martinus roa og får fri frå tunge tankar.

Detaljbilde av maling av book nooks, Ole Martinus Breivik

Det er mange lag med maling som må til på kvar detalj for at resultatet skal bli bra, seier Ole Martinus Breivik.

Ole Martinus Breivik inne på verkstaden

Kvar book nook tar fleire veker å lage. Detaljane er viktige seier Ole Martinus Breivik.

Bokhylle med book nooks, Ole Martinus Breivik

Ole Martinus Breivik har ei fantasifull bokhylle.

Hobby som gir meistring og glede

Psykologspesialist Tommy Sotkajærvi er ikkje i tvil om at ein hobby kan vere veldig viktig.

Han er tydeleg på at ei depressiv liding først og fremst må behandlast av helsevesenet, men seier at ein aktivitet som gir meistring og glede og som kjennest meiningsfylt kan bidra til at ein bryt eit negativt mønster.

Tommy M. Sotkajærvi

Psykologspesialist Tommy Sotkajærvi

Foto: GEIR SYVERSEN

Depresjon vil ofte føre til at ein trekk seg unna, ein misser gleda og energien, forklarar Sotkajærvi.

– Ein hobby kan hjelpe deg vidare og på sikt vere eit første steg ut av ein depresjon, seier han.

Inspirert av fantasy og historie

Ole Martinus sit bøygd over lim og små trepinnar på det vesle arbeidsrommet sitt.

Arbeidsrom for å bygge book nooks, Ole Martinus Breivik

Inne på arbeidsrommet finn Ole Martinus roa og får fri frå tunge tankar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Som dei fleste andre som lagar book nooks, får Ole Martinus mykje av sin inspirasjon frå historiske hendingar, filmar og fantasylitteratur. Scener frå Ringenes Herre-trilogien og Harry Potter er ein gjengangar.

På sikt håper han at hobbyen kan bli eit levebrød samstundes som han bidrar til openheit rundt psykisk helse. På vegen dit hjelp det å halde fokus på dei små tinga inne på arbeidsrommet.

Den nye hobbithola han held på med vil ta tre veker å fullføre. Han nyt stunda og kvart enkelt steg i prosessen er tilfredsstillande.

Devil's in the details, seier han.