Statsminister Kjell Magne Bondevik trur at oppslutninga i fleire kommunar kjem ned mot 50 prosent.
Statsministeren kan forstå at folk har vanskar med å finne eit parti som dei er 100 prosent samde med. Difor oppmodar han folk til stemme på det partiet dei kjenner seg mest igjen i.
For mykje rikspolitikk
Mange har kritisert media og stortingspolitikarar for at dei lokale valkampsakene har kome i skuggen av rikspolitiske spørsmål.
Bondevik forstår kritikken, men meiner det er ein fare for demokratiet om folk lar vere å stemme av den grunn.
I går var statsministeren på kafe i Molde kor han møtte veljarar til ein siste samtale, og det var særleg to saker folk var opptekne av;eldreomsorgen og skolepolitikken.
Stemte i formiddag
Klokka 1040 i formiddag avla Kjell Mange Bondevik sin stemme ved Kvam skole i Molde.
Bondevik ville ikkje seie kva for ein ordførarkandidat som fikk hans røyst under det direkte ordførervalet i byen.
Kjell Magne Bondevik avla sin stemme i formiddag på Kvam skole. Foto:Gunnar Sandvik