Kunstnaren Håkon Blekens biletrekkje som utsmykkar Spjelkavik kyrkje i Ålesund, består av glasmåleri som dekkjer 96 ruter og er delt opp i 6 tema eller seriar.
Problematisk tekst
Motivet det har stått strid om, er henta frå Bibelens forteljing om Abraham som på Guds bod ofrar sonen Isak. Biskop Odd Bondevik seier i brevet sitt til Spjelkavik sokneråd at han framleis meiner at denne bibelteksten er problematisk. Han skriv bl. a.:
Når Abraham si tru vert halden fram i teksten som positiv, er det for meg eit problem fordi det er ei tru som inneber å ofre andre menneske (i dette tilfellet Isak). Det let seg vanskeleg sameine med eit nytestamentleg trusomgrep, og det er vanskeleg¨å avgrense denne trusoppfatninga mot religiøs fanatisme, noko vi har sett mange døme på i nyare tid og som av og til impliserer forakt for menneskeverdet.
- Dette er ikkje den einaste teksten i Det gamle testamentet som gjev oss problem, seier Bondevik. Til dømes har vi ikkje lov til å hemne oss, sjølv om nokre tekstar talar om det. Abrahams lydnad og tillit til Gud er eit førebilete og ei utfordring for oss, men vi har aldri lov til å la eit anna menneske bli eit offer som vi ber fram.
- Ein kan også seie at barn som opplever vald eller truande handlingar kan lære å tenkje at også mi naud er så å seie "henta inn" i kyrkja ved at ei analog hending er avbilda der. Og hovudpoenget i forteljinga - at Gud sjølv stoppa ofringa av Isak - kjem tydeleg fram i Blekens utforming, skriv biskopen.
Framleis i tvil
Biskop Bondevik er komen til at han kan godkjenne biletet - "trass i sterk tvil og mange motførestellingar". Han takkar kyrkjelyden for ein god dialog, og seier at han ikkje har opplevd press frå den sida. Heile biletserien blir ein pryd for kyrkja, seier han.
Snart på plass
Håkon Bleken
Biletserien som "Abrahams offer" er ein del av, skal monterast i veka etter påske og presenterast for kyrkjelyden i Spjelkavik under gudstenesta 23. april. Håkon Bleken blir då til stades.
Håkon Bleken: skisse til "Abrahams offer"