Hopp til innhold

Bønder til kamp mot flåtten

Bønder i Tingvoll tek opp kampen mot den blodsugande flåtten. Smitte frå flåtten tek kvart år livet av tusenvis av sauer og kyr, og no har tingvollbøndene alliert seg med forskarar for å finne ut kvifor.

Flått
Foto: E. R. Deddinger / Scanpix

Sauebonde og Tingvoll-ordførar Kristin Sørheim har sjølv erfart kor farleg flåtten er. Sidan starten av juni har ho funne 23 døde lam og over ti som er alvorleg sjuke. Ho trur flåtten har smitta dyra med den alvorlege sjukdommen sjodogg:

Kristin Sørheim
Foto: NRK

- Vi står eigentleg hjelpeslause. Vi finn daude dyr kvar dag, både på innmark og utmark. Vi er heilt sikre på at det er flått og flåttborne sjukedomar som er årsaka, seier Sørheim. På landsplan er det kvart år truleg så mange som 300 000 dyr  som døyr eller blir sjuke, berre av den eine sjukdommen sjodogg.

 

Lamming ute

Neste vår skal fleire av sauene til Tingvoll-ordføraren sleppast ut tidleg for å lamme utandørs. Poenget er å prøve å finne ut om tidleg kontakt med flåttbakterien kan gjere lamma meir motstandsdyktige mot flått og flåttborne sjukdomar.

- Vi håper at forskinga skal hjelpe oss å beskytte dyra mot sjukdommen, seier ho.

Forskarar vil stoppe flåtten

Det er Bioforsk Økologisk som står bak prosjektet, som blir gjennomført fleire stader i landet. Forskar Lise Grøva seier dei vil leite etter måtar å stoppe flåtten på:

- Vi skal mellom anna finne ut om det fins ulike typer sjodogg. I tillegg prøvar vi å kartleggje kor mykje sjukdommen kostar bøndene, seier Grøva.