Årets sauesanking blei ikkje som fleire sauebønder på Nordmøre hadde håpt på. 36 av av dei 220 lamma til Mats Ranes blei ikkje med ned frå fjellbeitet.
Dei har fått dokumentert at jerven har vore på ferde, og jegarar melder at dei ser mykje jerv i Trollheimen, der 31-åringen har beite.
– Det er utriveleg. Det er ikkje noko godt å finne sauene blodige og utan hovud, seier Ranes.
Trass i at bøndene begynte å hente ned sauene rekordtidleg, blei det store tap. Her er ein død sau funne av ein jegar i Trollheimen.
Foto: Solmund Solstad– Rett ut i dødsfelle
Og det er frustrerande når ein vil leve av sau. Bøndene får kun kompensasjon for dyra dei kan dokumentere er tatt av rovdyr, men oftest klarar dei ikkje det. Dessutan mister dei høve til avl på dei døde dyra.
– Det er litt tungt, eg prøver å leve av dette. Ein kjenner at ein sender dei rett ut i ei dødsfelle, seier Ranes.
I fjor var det den flaumstore elva Surna som tok mange av sauene hans. Då hadde han nettopp sagt opp fulltidsjobben som mekanikar for å satse alt på å vere sauebonde.
Sauer blir redda opp av Surna i september 2019, då regnvatn fekk elva til å fløyme over. Rundt 70 dyr gjekk med.
Foto: Tor Helge Solli / Tidens Krav / NTB ScanpixDramatisk auke
Men år er det jerven som skapar hovudbry for den unge bonden. Ranes meiner det berre har blitt fleire og fleire jerv i Trollheimen. I fjor miste han 20 sauer på beite, året før berre seks.
– Jegarar seier dei ser jerv nesten kvar helg, og det er ikkje vanleg, for jerven er kjempesky, seier 31-åringen.
Magne Heggset har beite i Vindøldalen i same beitelag som Ranes. Han vore sauebonde sidan 1957, og meiner mykje har endra seg.
Magne Heggset miste 23 av sauene sine etter fjellbeitet. Tredjemann i beitelaget miste mellom 15-20, mens sistemann beita ein litt annan stad og fekk alle heile ned igjen.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK– Då var det ikkje lam som kom bort, for då var det ikkje jerv. Så det har blitt verre og verre, og dei siste to åra har det blitt ekstremt, seier Heggset.
Ventar vesentlege erstatningar
Talet på jerv i Noreg er over tid vore rekna til å vere på mellom 300 og 400. Ifølgje Rovdata er det registrert 63 jervekull i Noreg hittil i år. Målet er at det skal vere 39.
Det blei vedtatt i 2011 at det skal vere fritt for yngling av jerv i Trollheimen, og det er nyleg tatt ut tre hi med kvalpar der i haust
Foto: Berit Roald / NTB scanpixStatens naturoppsyn har registrert jerveskade på 229 sauekadaver i Noreg hittil i år, 44 av desse i Møre og Romsdal.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal erfarer at berre fem prosent blir dokumentert. Dei ventar vesentlege erstatningar av sauetap i år.
Hovudverkemiddelet for å regulere bestanden er at jegarar med lisens tar ut dyr etter kvota, som er på 140 jerv i heile Noreg i 2020.
Gir råd om målretta jakt
I Møre og Romsdal er det sett ei jaktkvote på sju jerv i beiteprioritert område fram til februar. Det er felt éin hittil, i Surnadal tidlegare i oktober.
Utover dette vil Fylkesmannen rå rovviltnemnda til å be om ekstraordinære uttak av jerv i Trollheimen til vinteren. Dette inneber uttak av vaksne dyr med helikoptersporing og at fleire hi blir tatt ut til våren.
Senterpartipolitkar og medlem i rovviltnemnda i Midt-Norge, Kristin Sørheim, forstår godt frustrasjonen til sauebøndene.
Foto: Trond Vestre / NRKMedlem i rovviltnemnda i Midt-Norge, Kristin Sørheim, har møtt bondelaget for å diskutere rovdyrproblematikken.
– Dei var opptekne av å få til meir målretta jakt var viktig. Det må vi ta opp i nemnda og sjå om vi kan få ei endring på, seier Sørheim.
Nemnda skal ha møte i slutten av oktober, og då vil dei ha fått inn alle tapstala frå beiteområda.
Mats Ranes har eit sterkt ønske om å halde fram som sauebonde, og vil ikkje at ein for stor jervebestand skal øydelegge det.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKVil ikkje gje seg
Mats Ranes vil ikkje legge seg for mykje i rovdyrpolitikken, men meiner kvota slik situasjonen er no er som ei dråpe i havet.
– Kva gjer du viss situasjonen ikkje betrer seg?
– Alle saman seier at ein kan jo ikkje gje seg, for då er det jerven som vinn, seier Mats Ranes.