Hopp til innhold

Bonden og reiselivet vil samarbeide om turistane

Bondelaget og NHO Reiseliv vil samarbeide om turisme for å få reisande til å utnytte spennande lokalmat.

Reiselib og bønder går godt sammen

Lokale matprodusentar blir oppmoda til å samarbeide med reiselivet slik at turistane får ein betre ferie.

Foto: Aleksander Andersen/Fabian Skalleberg Nilsen / NTB Scanpix/NRK

Nils Bjørke

Nils Bjørke, i Norges Bondelag, vil knytte sterkare kontakt med reiselivet.

Foto: vegard Grøtt / NTB scanpix

Lokale matprodusentar blir oppmoda om å søke tettare kontakt og samarbeid med reiselivsbedrifter i sine nærområde. Leiar i Norges Bondelag, Nils T Bjørke, meiner at eit betre samarbeid kan styrke begge partar.

– Vi skal prøve å få lokalmatprodusentane og andre bønder, som har lyst å tilby tenester til reiselivet, til å samarbeide. På den måten kan bønder lære kva turistane treng slik at dei får ei god oppleving når dei ferierer, seier Bjørke.

Han trur og at reiselivet kan lære litt om landbruket, og på den måten kan dei fortelje om dette til dei reisande i Noreg.

Lære om norsk mat

Lokale matprodusentar blir difor oppmoda til å søke tettare samarbeid med lokale overnattings- og serveringsbedrifter. Bjørke seier at tilgang på lokal mat og drikke er noko av det viktigaste når turistane vel feriemål. Innovasjon Norge har funne ut at dette gjeld både nordmenn og utanlandske turistar.

– Viss landbruket og reiselivsnæringa samarbeider vil det føre til at turistane får ei betre oppleving. Spesielt viss dei får god mat, seier leiaren i bondelaget.

– Eg trur at vi begge er avhengige av kvarandre. Viss vi kan gjere kvarandre gode så har vi ein vinn-vinn-situasjon. Det viktigaste er å få turistane til å kome til Noreg – og at dei eit spennande lokalprodukt, seier Bjørke.