Hopp til innhold

Kommunen vil gjere matjord til hustomter: – Kjem det eit bustadfelt er det game over

Ørsta manglar tomter og vil ta av den dyrkbare marka bøndene driv på. Elias Moe seier han må leggje ned drifta si om kommunen får det som dei vil.

Elias Moe står på tunet til garden sin i snøføyka. Han står med ein gul og grøn Felleskjøpet-caps, ei blå boblejakke og grå arbeidshanskar. Han er ein eldre mann med briller og gestikulerer til nokon bak kameraet. Bak han ser vi snødekte vegar, bøar og skog.

Elias Moe seier at han må legge ned husdyrdrifta si om kommunen gjer som dei har sagt at dei vil – byggje hus på mark han og andre bønder kan dyrke. – Dette er katastrofe for min del, seier gardbrukaren.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

– Eg veit ikkje kva eg skal sei for å verte høyrd. Eg veit nesten ikkje om eg skal le eller grine. Det tek ekstremt mykje krefter å måtte stå her og protestere for denne saka, seier Janne Moe.

Dei andre demonstrerande bøndene utanfor rådhuset i Ørsta jublar og klappar.

Inne i kommunestyresalen skal eit knapt fleirtal til å vedta at dei vil byggje hustomter på dyrkbar mark og leggje ein veg tvers gjennom gardstuna.

Elias Moe, far til Janne, seier ei nedbygging av matjorda vil bety kroken på døra for dyrehald på garden hans.

Elias Moe står på tunet til garden sin i snøføyka. Han peikar opp på den snødekte bøen og skogen på tomta si. Han står med ein gul og grøn Felleskjøpet-caps, ei blå boblejakke og grå arbeidshanskar. Han er ein eldre mann med briller og grått hår.

Elias Moe peikar opp mot der hustomtene skal kome. Sjølv vil han miste eit par mål jord i første omgang. – Kjem det eit bustadfelt er det game over. Då er det finito for oss som driv gard, seier han.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK
Bønder demonstrerer utanfor rådhuset i Ørsta. Ein gjeng på 8-10 står på ein parkeringsplass med ein traktor i bakgrunnen. Det snør og alle er vinterkledde. Ein gut står midt i biletet med eit skilt høgt heva der det står "Noreg treng bonden" med fargerik skrift.

Bøndene samla seg utanfor rådhuset i Ørsta, trass i at det tek ein time å gå dit.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK
Bønder står utanfor rådhuset i Ørsta og demonstrerar. Både vaksne, ungar og eldre står saman framfor eit kvitt telt og ein traktor. Det snør, og alle er kledde for vinteren. Eine ungen står med eit skilt med fargerik skrift der det står "Nei til rasering av dyrka mark"

Det er berre fire gardar som vert påverka av det kommunen vedtok, men fleire enn berre dei direkte råka møtte fram for å sei si meining.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

Vil prioritere bustadar

Etter planen skal det med tida brukast kring 200 dekar dyrka og dyrkbar jord i samband med det nye bustadfeltet på Fremre Mo.

Sjølv om det ikkje er so mykje, trur bonde Ingrid Solhjem at det blir lettare å ta meir i framtida, sidan det då berre står att nokre bitar med dyrkamark.

Ingrid Solhjem står ute på tunet på garden sin i Ørsta. Ho har ei tjukk jakke med pels på hetta og eit amerikansk flagg på skuldra. Ho har ullvottar og ei oransje hue. Det snør tett, og bak ho ser vi snødekt lauvskog. Ho ser noko uroa eller usikker ut.

Ingrid Solhjem og mannen kjøpte ein gard på Fremre Mo for seks år sidan for å leve ut draumen med småbruk. No fryktar ho for framtida si som gardbrukar.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

– Klart, vi er fire bønder, men det er slik at om ein tek mange små, vert det stort til slutt, seier Solhjem.

Bøndene tykkjer utbyggingsplanane er eit paradoks når styresmaktene ber kommunane om å ta vare på dyrka mark.

Berre 3 prosent av Noregs landareal er i dag dyrka mark. Det tek hundreår eller tusenår å danne ny matjord. Regjeringa har skjerpa inn tiltaka for å sikre at jorda ikkje blir nedbygt.

Les også Matjorda forsvinner på havet

Elveforbygingen er er borte i deler av elva Surna.

Eit knapt fleirtal i kommunestyret i Ørsta vedtok torsdag første steg i utbygginga av området.

Høgre sin ordførarkandidat, Per-Are Sørheim, meiner det må til for folketalsutvikling og tilflytting.

– Vi er ganske bekymra for at vi ikkje kan tilby tomter. Det er viktig i den satsinga vi har med sterk utviding av sentrum og bygg av ny vidaregåande skule, seier Sørheim.

Han forstår at bøndene er frustrerte, men meiner at når dei driv gard i sentrum må dei forvente at området må utvikle seg.

Han meiner det er få andre område som eignar seg på grunn av fare for skred og flaum.

Ordførarkandidat for Høgre i Ørsta, Per-Are Sørheim, står på talarstolen i kommunestyresalen. Han er skalla, har ei lys skjorte og ein mørk genser. I forgrunnen ser vi bakhovuda på dei andre politikarane som føl med på Sørheim sitt framlegg.

Per-Are Sørheim meiner det er behov for å prioritere bustadar over matjord i sentrum av Ørsta.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

Punktum er ikkje sett

Moe meiner alle planane om utbygginga på Fremre Moe burde skrinleggjast til evig tid – for å sikre matjorda som er i bruk i dag og den som kan takast i bruk ved behov.

– Folk her frampå Mo er veldig sta, so vi gjer aldri opp.

Kommunestyret i Ørsta vedtok ei planendring kring vegen. Difor må vedtaket om bustadtomtene ut på ny høyring og på nytt opp til diskusjon hjå politikarane.

No skal Moe kontakte advokat for å kjempe vidare.

– Om ein tapar eit slag, so har ein ikkje naudsyntvis tapt heile krigen.

Les også – Det er ingen det gjør så vondt for at matjord blir bygd ned, som for oss som lever av den

Erlend Konstad er gårdbruker i Melhus

Les også Matsikkerheten i Norge er truet, og det handler ikke bare om korn

Utsikt utover Botn i Rissa, Indre Fosen