Hopp til innhold

Sinte bønder over heile landet aksjonerar

Bønder rundt om i heile landet markerer i dag misnøye mot staten sitt tilbod i jordbruksoppgjeret.

Bondeaksjon

Mange bønder aksjonerte i dag framfor kommunehuset i Surnadal.

Foto: Anne Saltrø Polden

Anders Øverbø

Anders Øverbø i Rauma bondelag er misnøgd med tilbodet frå Staten.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi er misnøgde med tilbodet som kom. Spesielt fordi forventningane vi fekk etter Stortingsmeldinga, ikkje ser ut til å vere oppfylt på nokon slags måte, seier bonde Anders Øverbø i Bondelaget i Rauma.

Vil ikkje forhandle

Laurdag bestemte bøndene at dei ikkje ville setje seg til forhandlingsbordet med staten, som kom med eit tilbod på 900 millionar kroner.

Bondeaksjon

Over heile landet aksjonerar bøndene denne veka.

Foto: Anne Saltrø Polden

Over heile landet aksjonerer no bøndene, som har eit krav på 2,2 milliardar kroner.

LES OGSÅ:

Jobbar gratis i byen

– No føler vi oss så pressa, at vi drar til byen for å finne oss anna arbeid i tillegg til gardsdrifta, seier Anders Øverbø i Rauma. Bøndene i Rauma stiller rett og slett med gratis arbeidskraft i dag, og vil på den måten markere at tilbodet frå Staten er altfor lågt.

LES OGSÅ:

Traktoraksjon

Bondeaksjon

Ståle Ansnes og Oddvar Mikkelsen er to av bøndene som har aksjonert i dag.

I Surnadal sit Oddvar Mikkelsen i John Deere traktoren sin. Han køyrer midt i ein kolonne av rundt 30 traktorar, som har vore forbi kommunehuset, kjøpesenteret og som no skal rundt bygda.

– Det går i 20 km/t, men vi får tommelen opp og breie smil frå bilistar og syklistar, seier Oddvar Mikkelsen. Og akkurat der ligg problemet meiner han. Det norske folk støttar opp om landbruket, men Mikkelsen meiner at det gjer ikkje politikarane.

Legge ned

– Styresmaktene forstår ikkje at landbruket står i fare for å bli lagt ned. Vi lagar snart ikkje nok mat til eiga befolkning, seier Mikkelsen.

Også han er skuffa over tilbodet Staten kom med. Sjølv driv han mjølkeproduksjon i samdrift og har investert stort. Han må berre halde fram som bonde, men ser at stadig fleire sluttar.

– Det er ikkje bøndene det er verst for når vi legg ned. Vi kan alltid få ein annan jobb, men det er eit tap for samfunnet, meiner han.

Skuffa over Senterpartiet

Inge Martin Karlsvik

Inge Martin Kvalsvik er skuffa over Senterpartiet.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Leiaren i Møre og Romsdal Bondelag, Inge Martin Kvalsvik, er kritisk til at landbruksministeren har omtalt regjeringa sitt tilbod i jordbruksoppgjeret som historisk bra. Han er skuffa over Senterpartiet.

– Sjølv om Bondelaget er partipolitisk nøytralt er det ikkje tvil om at Senterpartiet har mange av veljarane sine i landbruket.