Fristen for å svare gjekk ut i går. 50 har svart at dei vil halde fast ved Gilde.
Leiar i interimstyret, Oddvar Valle, er ikkje fornøgd med responsen frå bøndene.
Mange har snudd
I den meir oppheita fasen under kampen om å berge slakteriet i Molde, var det heile 500 bønder som skreiv under på at dei ville vere med å skape eit alternativ til Gilde. Nokon har snudd undervegs.
Avgjerd i neste veke
No har etternølarane resten av veka på seg. I neste veke er det planlagt eit møte der interimstyret oppsummerer og gjer valget om anten å satse på eller å legge bort planane om eit alternativt slakteri.