Molde-anlegget stengjer 1. juli neste år, og eitt alternativ er å starte eit privat slakteri.
Dette er eit svært viktig møte fordi bøndene truleg må fatte ei avgjerd i løpet av ettermiddagen om dei skal satse vidare på Gilde eller starte privat.
Fleire alternativ
Eitt alternativ kan vere Fatland med hovudsete i Ølen i Rogaland eller SPIS som eig Mørekjøtt i Vestnes. Men det føreset at Gilde Bøndenes Salslag vil selje anlegget, og førebels er det ikkje gitt noko klarsignal til dette. Eit anna alternativ er å starte eit slakteri i mindre skala i det nedlagte slakteriet på Farstad.
Dersom bøndene fortsatt ønskjer å satse på Gilde etter nedlegginga av anlegget i Molde, må dei levere til slakteriet i Ålesund eller i Trondheim. Dette inneber ei lang reise for dyra som skal slaktast.
Stengde dørar
Diskusjonen går no føre seg bak stengde dører, men signal så langt tyder på at bøndene ønskjer å engasjere seg for å sikre eit konkurrerande slakteri i Molde.
Dei siste vekene har det vore gjennomført ei undersøking for å kartleggje kva bøndene ønskjer. Det er vel 1800 bønder på Nordmøre og Romsdal som leverer til Gilde i dag.
Mange av bøndene vil oppleve denne saka som ein konflikt mellom ulike omsyn som dei har ein lojalitetskjensle til.
Må gjere eit val i dag
Oddvar Valle som har vore sentral i arbeidet med å kome fram til ei avgjerd, seier at bøndene prøver å sjå framover. -Vi må gjere eit val i ettermiddag, seier Valle. Dersom vi vil er det fullt mogleg å få til eit slakteri i området, meiner han.