Hopp til innhold

Bonden som møtte veggen

Mjølkebonde Oddvar Pedersli frå Lomunddalen i Rindal fortel opent og usminka om korleis han som ung bonde opplevde å bli psykisk sjuk.

Oddvar Pedersli

For 20 år sidan gjekk Oddvar Pedersli frå Nordmøre på veggen. I dag deler han erfaringane sine med andre bønder.

Foto: Visualdays

– Eg skulle gå i fjøset, men det vart eit ork for meg. Eg prøvde å skjule det for kona mi, men etter kvart måtte eg til legen. Der var det alle slags undersøkingar, før gamledoktoren til sist kom inn og sa: du er deprimert du Oddvar, og det til gangs også."

Det er over 20 år sidan Oddvar Pedersli vart djupt deprimert og fekk diagnosen manisk depressiv. Kva som forårsaka det heile, veit han framleis ikkje.

– Det kan ha vore arbeidsmiljøet, store belastningar, dødsfall og andre ting. Eg trur det var ein sum av alt, seier Pedersli til NRK.

Eit stort ansvar

Oddvar Pedersli og kona Berit

Oddvar Pedersli er framleis mjølkebonde og trivst med det. Her saman med kona Berit.

Foto: Visualdays

Ei kontinuerleg kjensle av å alltid måtte vere til stades, førte til eit stort press. Eit press som berre vart større då han ikkje lengre var i stand til å følgje opp arbeidet sitt som elles.

– Eg sluntra unna med å pløye opp jorda og eg gadd ikkje å følgje opp brunsten til kyrne. Økonomien vart sjølvsagt dårleg som følgje av det, og samvitet endå dårlegare, fortel Pedersli.

Etter å ha fått behandling og medisin, møtte han kvardagen på ny. Men med ein ekstra stor haug med rekningar som han hadde problem med å betale.

– Det er vanskeleg når ein er bonde og sjølvstendig næringsdrivande. Ein sit på eit stort ansvar, seier mjølkebonden.

Vart gåande åleine

Barna gjekk på skule og kona jobba som sjukepleiar då Pedersli begynte å bli deprimert. Han vart derfor mykje gåande åleine.

– I byrjinga så skjulte eg det for dei. Men etter kvart vart dei klar over det. Eg kunne vere ute i fjøsen for å så lyge om kva eg hadde gjort medan eg var der, men dei kunne jo sjå at det ikkje stemte, fortel han.

Bonden seier at han fekk mykje støtte og velmeinande råd frå familien og naboane då det kom fram kor deprimert han hadde vore. Men han høyrte ikkje på dei.

– Det var først då eg vart innlagt på sjukehus og fekk fagleg hjelp at det losna, fortel han.

Deler erfaringane

Måndag delte Pedersli erfaringane sine med andre 71 andre bønder under eit seminar i Molde. Han trur også andre bønder strevar med tidspresset, stresset og einsemda som ofte følgjer med yrket.

– Vi fyller drivstoff på ein bil for at han ikkje skal gå seg tom – det same gjeld for oss menneske. Bønder stoppar sjeldan opp for å fylle på og få ekstra overskot – fordi vi ikkje har tid til det. Då blir det jo fort at ein går på ein skikkeleg smell når ein først går seg tom, seier han.

Bonden har eit hovudbodskap til alle dei som føler at kvardagen begynner å bli ekstra slitsam:

– Ta ekstra godt vare på kvarandre! Til dømes det å seie "eg elskar deg" kvar dag, det er ein god medisin utan biverknader.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL