Hopp til innhold

Bonden klarte til slutt å finne det forsvunne lammet. Gjer du?

Du skal ha skarpt syn om du raskt oppdagar lammet på dette bildet. Gjensynsgleda var stor då sauebonde Olav Inge Edvardsen på Smøla klarte å redde lammet frå den sikre død.

Forsvunnen sau

Sauebonden seier han aldri hadde funne lammet åleine om han ikkje hadde fått hjelp av hunden sin. Han seier lamma går i eitt med naturen.

Foto: privat

Det var nyttårsaftan Olav Inge Edvardsen gjekk ut for å sjå etter utegangarsauene sine, som beitar like ved husa hans på Smøla. Raskt oppdaga han at den eine flokken på 12, berre talde 11.

– Eg antok at det i alle fall var 70 prosents sjanse for at ho ikkje var i live, slår han nøkternt fast. Edvardsen begynte å leite i det dårlege vêret, men utan å finne det 12. lammet.

Sauene går i eitt med naturen

Ole Inge Edvardsen

Ole Inge Edvardsen seier han får eit nært forhold til sauene sine.

Foto: privat

Dei brune utegangarsauene er ikkje enkle å få auge på. Dei går nesten i eitt med den raggete vegetasjonen på myrene på Smøla.

– Hadde eg leita på måfå, hadde eg ikkje sett det, seier han.

Men hunden Lukas visste råd. Då terrieren etter ei stund tydelegvis reagerte og begynte å smyge seg bortover myra, skjønte matfaren at det kunne bli avgjerande. Etter nokre meter såg han brått eit lite blått øyremerke, omtrent 2 x 3 centimeter stort. Og nedi ei smal grøft låg lam nr. 12, i live, men i dårleg forfatning.

– Eg var budd på å finne henne daud. Ho låg heilt urørleg og gav ikkje ein lyd frå seg, seier han.

Visste ikkje om grøfta

Hund møter sau

Det var truleg reaksjonen frå hunden Lukas som gjorde at Edvardsen fann igjen det sakna lammet sitt på Smøla.

Foto: privat

Etter å ha dradd lammet oppå kanten av grøfta begynte det livgjevande arbeidet med å få fart på blodomløpet igjen. Lammet var tydelegvis kaldt og vått, og Edvardsen sette i gang med massering, kos og godord.

Eg såg ganske fort at ho blei betre og betre, og då ho begynte å ville ete lyng var det eit godt teikn, seier han som raskt sprang heim etter kraftfor.

Han trur lammet må ha snubla nedi grøfta, og seier han sjølv aldri har sett den.

Stor glede i flokken

sau og hund

Då lammet endeleg kom på beina var redningsmannen like bak.

Foto: privat

Nyttårsaftan blei ein ekstra god dag for sauebonden. Han rosar hunden som oppdaga lammet, og seier han neppe hadde klart det åleine. Edvardsen vedgår også at han har fått eit spesielt forhold til sauene sine. Og no blir det ikkje dårlegare til nr. 12.

– Nokre i flokken får du eit ekstra forhold til, denne kjem eg nok til å følgje opp ekstra, seier han og ler.

Og om lammet ikkje klarte å få fram ein lyd då ho blei funnen av hunden og matfaren – var det ikkje like stilt i møtet med dei 11 andre utegangarsauene.

– Då vart det lyd i ho! seier han og ler, og legg til:

– Ho var nok glad då ho kom tilbake til flokken sin.

Sau med ring rundt

Her er svaret, om du syns det var vanskeleg å sjå lammet. Her ligg ho med eit lite blått øyremerke.

Foto: privat