NRK Meny
Normal

Bonden håper dette besøket skal gi dei meir pengar

Bondelaget i Møre og Romsdal får brei støtte hos fylkespolitikarane i hovudkravet før jordbruksoppgjeret. Små og mellomstore gardsbruk må bli prioriterte.

Fylkespolitikarar på gardsbesøk på Bolsøya

Fylkespolitikarane på gardsbesøk på Bolsøya var overraskande samstemte i si støtte til små og mellomstore gardsbruk.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I går ønskte Kjersti Fløystad Ellingsgård velkomen til sin gard på Bolsøya i Molde. Ho viste fram sin båsfjøs med 22 mjølkekyr og nokre kalvar. Ho driv ein typisk mellomstor gard i Møre og Romsdal.

Gjennomsnittsbruk

– Eg er akkurat på gjennomsnittet på bruk, og kjem verken godt eller dårleg ut. Det er dei som er store som tener mest og dei som er mindre enn meg som absolutt kjem dårlegast ut, seier gardbrukaren.

Kjersti Fløystad Ellingsgård på Bolsøya

Kjersti Fløystad Ellingsgård på Bolsøya var vertskap for fylkespolitikarane.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Og gjestar på gardbesøket var nokre av dei fremste fylkespolitikarane. Ein av dei er partifelle med landbruksminister Jon Georg Dale. Og Framstegspartiets Frank Sve antyda litt opposisjon til dagens lstorbrukspolitikk.

– Det kan vere at det har vore nok fokus på store gardar no, vedgår Sve.

Samde med Bondelaget

Han kjem derned Bondelaget i møte i deira krav om at no er det dei små og mellomstore sin tur, men understrekar at dei må vere framtidsretta og levedyktige.

– Ein slik gard som vi besøker i dag er slike som vi i Møre og Romsdal må kjempe for og prioritere. Vi skal ikkje kjempe mot dei store gardane, men vi må kjempe for det landbruket vi har, seier Sve og haustar applaus i mjølkefjøsen.

Politikaren veit kva han snakkar om, for han har sjølv vakse opp på eit liknande gardsbruk.

– Som SV-politikar er den nasjonale politikken, som vil sentralisere og prioriterer dei store, ei utfordring, seier Yvonne Wold.

Ho meiner desentralisering er ein verdi i seg sjølv, og at dette gir mest og best mattryggleik. SV-representanten får støtte frå Tove Lise Torve i Arbeidarpartiet.

– Sjølv om landbruk handlar mest om mat, så er det så mykje meir. Vi ser kva vi mistar av busetting og verdiskaping når gardsbruk forsvinn.

– Kan ikkje miste fleire

Ikkje overraskande støttar også Senterpartiet Bondelagets krav om å prioritere dei små og mellomstore gardane.

Fylkespolitikarar på gardsbesøk

Denne gongen var politikarar frå ulike parti likevel samla i ein bås - og med stort sett same meining.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi tåler ikkje å miste så mange fleire bønder og vi tåler ikkje å miste kunnskapen deira, viss vi skal halde dette arealet i hevd, seier Kristin Sørheim.

Ho meiner at etter eit visst punkt så oppstår stordriftsulempe og gardbrukaren blir ikkje lenger sin eigen herre på grunn av mykje arbeid og stor gjeld.

– Folk flest manglar nok mykje kunnskap om kva landbruket betyr i dag, seier Høgres Charles Tøsse.

Nøkkelrolle

Han viser til mangfaldet og dei ringverknadene landbruket gir i små og store lokalsamfunn. Tøsse understrekar kor viktig det er å få denne bodskapen ut til folk flest og til det politiske miljøet.

Steinar Reiten frå KrF tar landbruksorganisasjonane sine eigne ord i sin munn, når han meiner at små og mellomstore bruk må få eit løft. Han meiner landet er avhengig av vestlandslandbruket dersom ein skal nå målet om 20 prosent vekst i matproduksjonen dei neste 20 åra.

– Då vil slike bruk som vi no har besøkt på Bolsøya spele ei nøkkelrolle.