Hopp til innhold

Bondelagsleiaren hevdar bøndene fell for splitt og hersk

Bondelagsleiaren i Møre og Romsdal hevdar at dei to siste landbruksministrane frå FrP gjer livet vanskelegare for bøndene. Men ikkje alle bønder er samde med sjefen.

Oddvar Mikkelsen

Leiaren i Møre og Romsdal bondelag, Oddvar Mikkelsen, meiner det er alt for vanskeleg å drive gard langs norskekysten.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Det var ikkje berre ein, men to FrP-statsrådar som måndag føremiddag besøkte vestnesbonden Kristen Stokkeland. Der fekk dei høyre ein gardbrukar som er storfornøgd med Framstegspartiet og deira landbrukspolitikk – og misfornøgd med Bondelaget.

– Eg syns dei har gjort ein dårleg jobb og spelar på partipolitikk, slår Stokkeland fast.

– Kven sin partipolitikk?

Jau, det er ikkje tvil om, han er raudgrøn, seier heiltidsbonden.

Stokkeland hevdar at Bondelaget stort sett har øydelagt oppgjera gjennom sine forhandlingar, slik at det har blitt mindre på han og andre som driv på heiltid.

Kristen Stokkeland møter Jon Georg Dale og Sylvi Listhaug

Måndag ettermiddag kom landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) og tidlegare landbruksminister Sylvi Listhaug (FrP) på besøk til bonde Kristen Stokkeland. Det blei eit lykkeleg møte.

Foto: Frode Berg / NRK

Hevdar FrP brukar splitt og hersk

Men Oddvar Mikkelsen, som er leiar i Møre og Romsdal Bondelag, meiner det er tull. Han seier bondelaget har funne støtte hos fleire av partia, men aller minst hos Framstegspartiet.

Og han likar ikkje at vestenesbonden støttar dei to statsrådane, som måndag besøkte garden hans.

– Dei fell for FrP sitt grep, kan vi seie. Splitt og hersk. Eg er litt skuffa over Jon Georg Dale som tek med seg Sylvi Listhaug, ho er jo ekspert på splitt og hersk, slår Mikkelsen fast.

Det er jo påfallande kor mykje dei har kritisert denne regjeringa, og det kan jo ha samanheng med at dei veldig venleg innstilte mot Senterpartiet, kontrar Listhaug.

Oddvar Mikkelsen på garden

Bondelagsleiar Oddvar Mikkelsen hevdar situasjonen for bøndene langs kysten er dårlegast i landet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Trur ikkje det blir noko FrP-politikk

Mikkelsen driv sjølv storgard i Todalen i Surnadal, saman med to andre bønder. Han er svært uroa over det han kallar satsinga på store bruk, og er svært uroleg for bøndene i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Han hevdar dei kjem dårlegast ut av alle bønder i heile landet.

Likevel trur han ikkje at Framstegspartiet sin politikk vil prege framtida for norske bønder.

– Eg trur jo ikkje det endar med undergang, for eg trur jo ikkje at FrP nokon gong får gjennomført sin jordbrukspolitikk, seier han.