Hopp til innhold

Talet på unge bønder er halvert

Sidan tusenårsskiftet er talet på unge bønder i Noreg nesten halvert samstundes som mange gardbrukarar nærmar seg pensjonsalderen.

Arnar Lyche

Arnar Lyche er sauebonde på Osmarka i Gjemnes og organisasjonssjef i Møre og Romsdal Bondelag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Difor startar Bondelaget i Møre og Romsdal eit treårig-prosjekt for å hjelpe eldre bønder med dei vanskelege vala for å berge vidare drift på gardane og hindre nedlegging av bruk.

Står ikkje klar

For når ein gardbrukar når pensjonsalder, er det ikkje alltid nokon som står klare til å ta over.

Arnar Lyche

Bondelaget og organisasjonssjef Arnar Lyche vil hindre nedlegging av gardsbruk.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er stor spenning rundt generasjonsskiftet på mange gardsbruk, seier Arnar Lyche til NRK.

Han meiner det er eit stort tap for samfunnet for kvart gardsbruk som blir lagt ned.

– Når ein veldriven gard med eit veldrive driftsapparat blir lagt ned, skjer det eit stort samfunnsøkonomisk tap. Ein påkosta mjølkefjøs har liten verdi når mjølkekvoten blir seld og drifta blir nedlagt, seier organisasjonssjefen.

Vil ta tak

Men no skal altså dei bøndene som nærmar seg pensjonsalder få hjelp frå Bondelaget.

– Vi vil hjelpe dei i desse vanskelege prosessane. Mange av dei lurer på kva neste generasjon vil. Medan neste generasjon greier kanskje ikkje å bestemme seg, seier Arnar Lyche.

Mange uavklarte spørsmål

Organisasjonssjefen i Møre og Romsdal bondelag trur det er mykje dei kan hjelpe til med for å gjere situasjonen lettare for bønder som vil pensjonere seg.

– Det er mange spørsmål rundt dette. Kven skal ta over om ikkje ungane mine vil? Kan vi selje? Kvar skal vi bu om vi sel garden? Det er mange ting å vurdere.

Sjølv om mange i landbruksnæringa melder om at det er lite pengar å tene på yrket, meiner Arnar Lyche at matproduksjon er eit framtidsretta yrke.

– I ei verd der det blir stadig fleire folk, så må det vere framtidsretta å produsere mat. Og landbruksmeldinga til regjeringa seier vi skal auke matproduksjonen med 20 prosent på 20 år, og då treng vi bønder.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL