Hopp til innhold

– Vi skulle gjerne hatt meir pengar

Bondelagsleiar Oddvar Mikkelsen meiner inntektene i jordbruket ikkje blir løfta nok gjennom jordbruksavtalen.

Oddvar Mikkelsen

Leiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, var med på fleire markeringar i forkant av forhandlingane. Han er ikkje heilt fornøgd med jordbruksavtalen som vart lagt fram måndag.

Foto: Roar Halten / NRK

Jordbruksforhandlingane byrja 21. juni og måndag hadde politikarane og bøndene kome i hamn. Resultatet vart ein jordbruksavtale med ein auke i ramma til 625 millionar kroner.

– Vi skulle gjerne hatt meir pengar, for dette er ikkje med å oppfylle Stortinget sitt krav i jordbruksmeldinga som kom i april om at vi skulle løfte inntektene i jordbruket, seier leiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen.

– Vi strekte oss langt

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (FrP), på si side, meiner han strekte seg langt i jordbruksforhandlingane.

Landbruksminister Jon Georg Dale

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale måtte ut med meir pengar til bøndene enn han først ville.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Mitt siste tilbod låg på 75 millionar kroner under det som no blir den endelege ramma.

Auken skuldast ei semje mellom Venstre og regjeringspartia på Stortinget, som innebar at oppgjeret blei sendt tilbake med enkelte nye føringar.

– Vi meinte at vi i utgangspunktet strekte oss langt gjennom forhandlingane. Når vi likevel valte å stemme for Venstre sitt subsidiære forslag, handla det om å få ei god utvikling i jordbruket og at vi skal ivareta den moderasjonslinja som har prega lønnsoppgjera dei siste åra. Den ramma som vi no har landa på ivaretek begge dei omsyna.

Prioritering av mindre bruk

I tillegg til dei 625 millionane, er det fordelt 130 millionar kroner frå kapitalen i Landbrukets utviklingsfond i 2018.

Ifølgje fylkesleiar Oddvar Mikkelsen får bøndene behalde beitetilskotet på innmark og utmarksbeite har fått ein klar auke. Dessutan ser han ei klar prioritering av dei mindre bruka i år.

– Eg er fornøgd med det dei har klart å bli einige om i løpet av siste veka, men det vart eit vanskeleg utgangspunkt når vi har dei rammene vi har frå Stortinget, seier han.

Vestlandsbonden

Oddvar Mikkelsen meiner likevel at det ikkje blir satsa nok på bøndene på Vestlandet i den nye jordbruksavtalen.

– Dessverre har vi ikkje fått det løftet som det var lagt opp til for Vestlandet. Det er det eg er mest misfornøgd med.

Det synast landbruks- og matminister Jon Georg Dale er rart.

– Vestlandsbonden er den som kjem desidert best ut med dette forslaget og dei ville ha kome endå betre ut dersom staten sitt opprinnelege forslag blei vedteke, seier Dale.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL