I meldinga foreslår regjeringa å avvikle marknadsordninga for geitemjølk, noko som inneber at Tine ikkje lenger har plikt til å kjøpe den mjølka som blir produsert.
– For geitebøndene inneber dette langt større usikkerheit, seier organisasjonssjef Arnar Lyche.
Bondelaget meiner forslaget i praksis betyr stagnasjon og avvikling, og at heile berekrafta i næringa er i fare. Med bakgrunn i den utviklinga som har vore i geitehaldet dei siste ti åra er det uheldig, ifølge bondelaget.
Best i verda
– Omstillingstiltaka har gjort at helsetilstanden på den norske geita og kvaliteten på mjølka som blir produsert her er best i verda. Som følge av det har geitebøndene tatt utfordringa frå både Tine og staten, og satsa - og satsa stort.
Organisasjonssjef Arnar Lyche meiner geitebøndene må få tenke langsiktig.
Foto: Roar Halten / nrkDet er ein av grunnane til at landbruket er ei næring som treng langsiktige rammer. Framtidsbonden som invisterer må tenke 20-30 år fram i tid, påpeiker Bondelaget.
Dei meiner det er viktig å ta vare på dei mange spennande produkta som Tine har utvikla basert på geitemjølka. Og det er viktig å ta vare på geitene også, som har tilleggsoppgåver ut over å produsere mjølk.
– Geitekjøtet har fått ny merksemd, og blir i stadig større grad nytta som gourmetmat. Geita er dessutan «sjef» i terrenget, der ho ryddar og gir turistnæringa ei hjelpande hand.