Hopp til innhold

– I nokre bygder er der rett og slett ikkje gardsbruk att

Bønder frå Ørsta og Volda køyrde i dag i kolonne med om lag 30 traktorar frå Sæbø via Ørsta til Volda. På denne måten protesterte dei mot tilbodet som staten la fram i jordbruksforhandlingane.

Bondeaksjon

Her er traktorkolonnen framme i Volda, på veg mot rådhuset.

Foto: Terje Reite / NRK

Bøndene var påpasselege med å sleppe fram trafikken som ville forbi. For traktorane snegla seg i bedageleg tempo, først på vegen mellom Sæbø og Ørsta, og deretter til Volda.

Knut Hustad

Knut Hustad leia aksjonen i Ørsta og Volda.

Foto: Terje Reite / NRK

– Eg er utruleg stolt over måten vi har gjennomført denne aksjonen på. Det var litt telefonering i går, og så møter heile gjengen opp, seier aksjonsleiar Knut Hustad til NRK.

– Færre gardsbruk kvar dag

Bøndene overleverte eit opprop til ordføraren i Volda. Hustad seier dette var ei symbolsk handling, og at landbruksforhandlingane sjølvsagt har gått føre seg på sentralt hald.

Nei, ordføraren i Volda høyrer til KrF. Dei sit ikkje i regjering, og dei har fått splitta Senterpartiet. Den noverande regjeringa burde ha vore den beste. Men vi ser resultatet, og det blir færre og færre bønder kvar einaste dag, seier Hustad.

– Men det har vore sagt at tilbodet var kanskje det beste som har vore lagt fram nokon gong?

– Ja, både Navarsete og Brekk har vel angra litt på den utsegna. Om dei ikkje akkurat fossror, så skvett det vatn kring dei. Seinare har det vore sagt at vi må spare i nedgangstider. Men bøndene kan ikkje ta all innsparing kvart einaste år, seier Hustad.

Bondeaksjon Ørsta Volda

Bøndene har parkert framfor rådhuset, og er klare til å overlevere eit opprop til ordføraren.

Foto: Terje Reite / NRK

– Kan ikkje ha dårlegare utvikling

Knut Hustad åtvarar mot at bøndene skal få svekt økonomien. Mange bønde klarer seg fordi dei skaffar seg inntekter utanfor landbruket, seier han.

– Nokre klarer seg også fordi dei er med i samdrifter. Men sjå på samfunnet vårt, sjå på bygdene, ikkje minst ute på øyane. Der er knapt noko gardsbruk att, seier bondeaksjonisten.

– Kva må til for at de skal bli nøgde?

– Vi treng nok ikkje å få dekt heile inntektsgapet i forhold til andre næringar. Men vi kan ikkje ha dårlegare inntektsutvikling enn andre. Då går det berre ein veg: Det blir færre og færre bønder, seier Hustad til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL