Bomstasjonar gir MC-boom

På to hjul er det gratis. Folk står i kø for å få opplæring på motorsykkel.

MC-opplæring

TEKNIKKTRENING: Det er mange som vil bli motorsyklistar på øvingsbanen i Ålesund.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Køyreskulane på Sunnmøre opplever stor interesse for MC-opplæring. Og grunnen er enkel:

Om den storstilte Ålesundspakken blir vedtatt, skal bilistane betale over 3 milliardar kroner i bompengar.

Elias Myklebust Kvalvik

EIN GLAD GUT: Det er få sekund sidan Elias Myklebust Kvalvik har tatt MC-lappen. No blir det gratisturar til og frå skulen.

Mange sunnmøringar får dollarteikn i auga når dei veit at dei kan køyre gratis på to hjul gjennom bommen. Bilistane må betale tjue kroner kvar gong.

– Det gjekk veldig fint. Eg bestod prøva!

Ungguten Elias Myklebust Kvalivik er jublande glad etter å ha tatt MC-lappen.

– Ja, eg veit at det er gratis å passere bommane med motorsykkel. No kan eg bruke motorsykkel til og frå skulen, seier han.

BOMPENGAR: Bilistane skal betale meir enn tre av dei fire milliardane som Ålesundspakken kostar.

Statens vegvesen

Bom-boom

Rune Ulvestad

LÆRAR: Rune Ulvestad lærer opp dei mange som har det travelt med å kome seg ut på vegen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Vi merkar ein boom kvar gong det er snakk om bompengar i media. Det seier køyreskulelærar Rune Ulvestad. Han står og set ut kjegler på øvingsbanen.

På banen på Bingsa i Ålesund er det fullt av folk som skal øve. Nokre har kome så langt i opplæringa at dei er klare for oppkøyring. Læraren trur bompengeplanane er sterkt medverkande til at folk vil køyre motorsykkel.

Motorsykkeldobling

– Gratis bompasseringar er noko vi for all del må behalde, seier styreleiar Odd Terje Døvik i Norsk Motorsykkel Union. Han bur på Sørlandet, der det også er ein del bomstasjonar.

Odd Terje Døvik

SJEF FOR TOHJULSTRAFIKANTAR: Leiar Odd Terje Døvik i Norsk Motorsykkel Union seier at motorsyklane tar mindre plass, og derfor bør behalde ordninga med gratis bompasseringar.

– Eg trur ikkje gratis bompassering er det som får folk til å kjøpe MC, men det kan vere det vesle, ekstra argumentet som får deg til å satse, seier Døvik.

I år 2000 var det 90 000 registrerte motorsyklar i Noreg. No er talet oppe i 200 000. I fjor var det salsrekord.

Motorsykkeltur på trafikkskole

STADIG FLEIRE: Det har vore ei dobling i talet på motorsyklar på norske vegar sidan år 2000.

Foto: Håvard G. Hagen / NRK

Døvik meiner det er heilt klart at køyretøya på to hjul bør passere gratis, då dei tar mindre plass, både på vegen og på parkeringsplassane inne i byane. Han meiner det blir mindre utslepp, og talet på ulykker har gått ned.

MC-sjefen har ikkje registrert at ordninga har vore omstridd på noko vis.

Følgjer etter sonen

Charles Kvalvik er far til guten som nettopp har køyrt opp. Han er positiv til Ålesundspakken, men seier han gjerne vil spare pengar.

– Eg har sertifikat på motorsykkel, så eg kjøper meg vel ein sykkel rimeleg snart.

Motorsykkel

FAR OG SON: Lappen er i boks for ungguten, og no vurderer også faren å kjøpe seg tohjuling.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

VEGSATSING: Dette er vegvesenet sin presentasjon av Ålesundspakken.