Bompengetakstene blir auka

Auka bompengetakstar blir ein del av løysinga for Nordøyvegen som skal binde saman øyene i Haram og Sandøy med fastlandet. Etter møtet med samferdselsminister Jon Georg Dale i dag skal departementet og fylkeskommunen saman finne ut kor stort inntektspotensialet er. Å auke innkrevingsperioden inntil 40 år er uaktuelt. Leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim frå Senterpartiet, meiner auka bompengetakstar vil gi eit større økonomisk handlingsrom. Eit anna tema som blei diskutert i dag er fritaket for elbilar som vil kunne svekke inntektene for Nordøyvegen.

Møte om Nordøyvegen med samferdselsminister Jon Georg Dale
Foto: Trond Vestre / NRK