13 prosent auke
Bompengane skal krevjast inn over tre år, og vil føre til ein auke i billettprisane på 13 prosent.
Havbotnen må undersøkast nærare i midten av tunneltraseen.
Undersøkingar
Selskapet arbeider med å få bygd eit undersjøisk samband mellom Rauma og Molde, og pengane skal brukast til undersøkingar av havbotnen og konsekvensutgreiingar i samband med prosjektet.
Torbjørn Rødstøl (Foto: Gunnar Sandvik)
Det må gjerast kjerneboringar i midten av tunnelen på det djupaste punktet. Det er der fjellet er mest usikkert, seier Rødstøl. Kostnadene for undersøkingane og utgreiingane blir opp mot seks millionar kroner.
Sprikande kostnadsanslag
Hittil sprikar kostnadsanslaga med 40 prosent, men etter fleire undersøkingar håper tunnelselskapet å kunne snevre inn spriket til 10 prosent, seier Rødstøl.
Det vil vere avgjerande å ha eit så presist kostnadsanslag som mogleg for å ha håp om å få realisere bygginga av Langfjordtunnelen.