Hopp til innhold
Bompassering på Åse i Ålesund. En del av Bypakka i Ålesund
Foto: Trond Vestre / NRK

Bompengar i Ålesund

  • Seier nei til å auke bompengane

    Eit fleirtal i formannskapet i Ålesund sa i dag nei til å justere opp bompengetakstane som følgje av prisveksten.

    Resultatet kan verte at enkeltprosjekt vert tekne ut av bypakken.

    Det er Tore Johan Øvstebø (KrF) sterkt kritisk til. Han meiner dette svekker bypakken og seier at det er ein omkamp om prosjektet.

    Ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp) seier det er heilt uaktuelt for hans parti å vere med på ein auke i bompengane, og at styringsgruppa kanskje må ta prosjekt ut av bypakken.

    Ordføraren peikar på Lerstadtoppen-Campus og kollektivfelt som døme på prosjekt som kan bli tatt ut av bypakken.

    Formannskapet i Ålesund januar 2024
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Foreslår bompengeøkning i Ålesund

    Formannskapet i Ålesund skal neste uke vedta nye takster for Bypakke Ålesund.

    På grunn av prisvekst blir det nå en trolig justering av takstene. Kommunedirektør Jon Steven Hasseldal innstiller på følgende til formannskapet:

    Takstgruppe 1: Økes fra 26 kroner til 29 kroner.

    Takstgruppe 2: Økes fra 52 til 58 kroner.

    Justeringen kommer etter en forespørsel fra bompengeselskapet Vegamot, og skal være i samsvar med konsumprisindeksen, skriver Sunnmørsposten.

  • Anbefaler å øke bom­prisen i Ålesund

    Vegamot anbefaler å øke bomprisen i Ålesund fra 26 til 29 kroner, i tråd med konsumprisindeksen. De anbefaler også å redusere rabatt for elbil fra 50 prosent til 30 prosent.

    Dette kom fram i et møte i styringsgruppa for bypakken fredag, skriver Sunnmørsposten.

    Vegamot foreslår å innføre økningen fra 1. februar. I tillegg foreslår de å vurdere ny økning til høsten. En økning må først vedtas politisk både i Ålesund kommune og i fylkeskommunen.

    Bompassering på Åse i Ålesund. En del av Bypakka i Ålesund
  • Eitt år med bompengar i Ålesund

    Det er no eitt år sidan bilistar i Ålesund måtte byrje å betale bompengar.

    Bompengane skal finansiere delar av Bypakke Ålesund, og det er lagt opp til ei innkrevjingsperiode på inntil 15 år.

    I ei pressemelding frå prosjektgruppa til Bypakken i Ålesund blir det peika på fleire prosjekt som har kome i gang det siste året, mellom anna bygginga av nye kollektivknutepunkt. Dei har også sett ein auke i bruken av kollektivtilbodet.

    – På busslinje 1 og 2 ser FRAM ein vekst med 25 % i mai 2023, samanlikna med mai 2022. Dette utgjer 33. 651 fleire busspassasjerar på desse to busslinjene. For alle bybussane generelt er det ei auke på 22 % i mai 2023 samanlikna med mai 2022, skriv dei i pressemeldinga.

Måndag startar bompengeinnkrevjinga i Ålesund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL