Det var i 10.00-tida onsdag at politiet fekk melding om ein eksplosjon i Molde sentrum. Ingen blei skadd i eksplosjonen, som skjedde i kjellaren på eit sentrumsbygg frå 1949 som er under ombygging.
– Det pågår restaureringsarbeid i bygninga og det var i samband med gravearbeid i kjellaren at det oppstod ein eksplosjon, seier Per Karstein Røv, politistasjonssjef i Molde.
- Les også:
Sentrum blir stengt i fleire timar
Delar av Storgata inkludert rutebilstasjonen i Molde har vore avsperra sidan eksplosjonen, og all trafikk blir dirigert forbi staden.
– Denne bygninga ligg midt i Molde sentrum og vi har difor valt å sperra av eit stort område til vi får avklart situasjonen, seier Røv.
Ei bombegruppe frå Oslo er på veg til Molde, og er truleg framme like før fem. Det er difor venta at området blir sperra av til langt utover kvelden.
– Dei startar truleg med arbeidet rundt fem, og vil bruke sin ekspertise til å undersøke kva som har løyst ut denne eksplosjonen og for å avklare om det kan vere meir som ligg i grunnen, seier Røv.
– Det er eit gammal bygg og vi er litt usikre på kva som kan ligge i grunnen, held han fram.
- Les også: