Hopp til innhold

Vivi (72) og Per (69) frykta frontruta skulle breste under ferjereise

Ekteparet blei livredde da bølgjene slo over bubilen deira. Dei er sjokkerte over både tempoet og tryggleiken på den låge ferja.

– Kona var fortvilt og sa fleire gonger «dette går ikkje!». Ho er frå Sørøya i Finnmark og har kryssa Lopphavet i heile oppveksten, så ho veit litt om sjø, fortel Per Åmbakk.

Sjølv har han heller ikkje vasskrekk, etter 20 år i Kystverket og fleire år på sjøen.

Men på denne turen mellom Vestnes-Molde var dei redde.

Per og Vivi Åmbakk

DRAMATISK: Det blei ein dramatisk ferjetur for Per og Vivi Åmbakk.

Foto: Privat

Meter lang sprekk

Paret var på veg til eit bubiltreff på Nordmøre. Ved kryssinga av Moldefjorden var bilen deira plassert fremst på ferja. Ifølge Åmbakk var ferja ti minutt bak ruteplanen og heldt stor fart, trass ruskete sjø. Brått slo bølgjene inn over bubilen deira.

– Det kom så mykje vatn at det slo over og pressa seg gjennom dei lukka vindauga på taket. Det fossa ned, og kona løp bak og kasta ut handkle for å berge det elektriske.

Men den aller største frykta var ikkje at bubilen skulle bli øydelagt.

Sprekk frontrute

SPREKK: Den 10 centimeter lange sprekken blei til ein meter, ifølge bubileigaren.

Foto: Privat

For i frontruta var det ein brest på ti centimeter etter steinsprut. Bølgjeslaga slo snart sprekken til over ein meter.


– Så kom det ei ny brest oppe på ruta. Det var heilt i grenseland for at ruta skulle slå inn. Hadde den knust hadde me ikkje hatt nokon rømmingsveg. På ferjedekket var det ein halvmeter sjø. Me kunne sprunge bak i soverommet og lukka døra, men den døra hadde neppe heldt igjen alt vatnet.

Ferge trekkes til land utenfor Tysnes

SELBJØRNSFJORD: Ferja Selbjørnsfjord har vore i hardt vær før. Her etter ei grunnstøyting etter motorstopp utanfor Tysnes i Hordaland i 2015.

Foto: Redningsskøyten Bjarne Kyrkjebø

For låge lemmer

Snart fekk Åmbakk ringt ein venn som var ferjemann, som fekk sendt nummeret til skipperen på ferja. Ørsta-mannen fekk ringt opp på brua og ba dei bremse ned.

– Me sto jo heilt fremst, så skipperen hadde ikkje sett om ruta vår hadde knust.

Han er sterkt kritisk til å ferjeselskapet Boreal får lov til å køyre ferjer med lemmer som er så låge som 120 centimeter, og ikkje 180 centimeter som han er vant med frå ferjer som går lengre inne i fjorden.

MF Selbjørnsfjord

LÅG: Denne ferjetypen ligg gansk lågt i vatnet.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Same som rekkverk

Sjøfartsdirektoratet fortel at krava til ferjelem er det same som for rekkverk, altså over ein meter.

– Det er mannskap og reiarlag som har ansvar for forsvarleg lasting av fartøyet, og at dei skal alltid sikre og stue ferja på ein sikker måte, seier Marit Nilsen ved direktoratet.

NRK har vore i kontakt med fleire ferjefolk som alle beskriv hendinga som svært sjeldan. Dei fleste skader på bilar skjer under køyring på eller av ferja.

Fleire meiner at ein stor bubil burde vore plassert lengre bak når det er ruskevêr.

Vil ikkje bli intervjua

Ferjeselskapet Boreal vil ikkje la seg intervjue om hendinga. Dei skriv:

«Sikkerheit kjem alltid først i Boreal. Vårt dyktige mannskap har omfattande erfaring i ruteområdet, og vil alltid justere kurs og fart i samsvar med vind og sjøgang. Det kan likevel komme sjødrev under enkelte vindforhold.

Vi har nyleg mottatt saka med nemnde bubil frå utleigar av «Selbjørnsfjord», og behandlar nå denne i samsvar med våre rutinar.»

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL