Ekstra stor bølgje
Hans Andre Røberg tok 0950-ferja frå Dryna i dag tidleg. Han fortel at han stod saman med ein annan passasjer og snakka om at han ikkje hadde sett så store bølgjer på strekninga før. Då kom ei ekstra stor bølgje.
– Ho blei større og større og større. Til slutt så blei det grått inni gangen og så small det, fortel Røberg.
Bølgja slo inn ruta og traff dei to som stod der.
– Berre sjampoen som mangla
– Eg fekk ho i bakhovudet og han fekk ho i skallen. Det var berre sjampoen som mangla.
– Kva gjorde de då?
– Næh, vi gjekk ned i salongen og tørka oss, seier Røsberg som i ettertid tydeleg ser humoristisk på hendinga.
– Ingen merka noko
Hverken dei andre passasjerane eller mannskapet merka noko til det som skjedde, fortel Hans Andre Røsberg som opplyser at han no har tørka opp.