Dermed står det KKK Festival på Bjønnahaugen i Kristiansund
Haugen blir nytta til forskjellige skilt i Hollywood-stil.
Ku Klux Klan
Forkortinga KKK er som mange kanskje veit ei forkorting for Ku Klux Klan, ein amerikansk rasistisk organisasjon. Dei har stått bak terror og anna ekstremisme. Medlemmane er kjende for å kle seg i kapper og masker og spisse hattar.
Kontrastane til festivalen i Kristiansund kunne neppe ha vore større.
Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival starta 10. september og varer til 23. september. Ifølgje lokalavisa Tidens Krav, som først omtala forsvinningsnummeret, er festivalen nærare 20 år gammal.
Uviss årsak
Men tysdag kveld forsvann altså ein av K-ane – og førebels veit ikkje Kristiansund kommune kva som har skjedd med denne bokstaven.
VURDERER Å MELDE FORHOLDET: Tore Lyngvær i Kristiansund kommune.
Foto: privat– Då bokstavane vart sett opp i går var der fire K-ar. Men i løpet av natta har den eine forsvunne. Kva som er skjedd veit eg ikkje. Det kan vere vinden – eller det kan vere vandalisme, seier Tore Lyngvær, kommunikasjonssjef i Kristiansund kommune, til NRK.
Vurderer å melde
Om det viser seg sannsynleg at vandalar står bak vurderer kommunen å melde forholdet.
På spørsmål om kva han synest om den manglande K-en svarer Tore Lyngvær kontant:
– Den opphavlege bodskapen var betre.
KU KLUX KLAN: Her ser vi eit bilete av ei Ku Klux Klan-gruppering i aksjon på 50-talet.
Foto: Ap