NRK Meny

Bøen politimeister i det nye politidistriktet

Dagens konstituerte politimeister i Sunnmøre politidistrikt, Ingar Bøen, blir politimeister i det nye Møre og Romsdal politidistrikt.

Ingar Bøen

Ingar Bøen blir politimeister i det nye Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Politiet

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Bøen blei utnemnt i statsråd fredag formiddag, Dette er ei åremålsstilling for ein periode på seks år. Som det heiter i meldinga frå Justisdepartementet så tiltrer Bøen frå det tidspunkt Politidirektoratet avgjer.

Dette har samanheng med at talet på politidistrikt blir redusert frå 27 til 12 frå årsskiftet.

Bakgrunn

Ingar Olav Bøen har vore konstituert som politimeister i Sunnmøre politidistrikt sidan i fjor haust. Han er cand.jur. og har tidlegare vore politiinspektør i politidistriktet. Han har og vore statsadvokat i Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane statsadvokatembeter, og dessutan dommarfullmektig i Ålesund byrett og konsulent ved fylkesskattekontoret i Møre og Romsdal.

Anders Anundsen

Justisminister Anders Anundsen har i statsråd utnemnt utnemnt nye politimeistrar.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

– Politimeisteren får ei avgjerande rolle når framtidas politi blir forma, seier justisminister Anders Anundsen (Frp).

Statsråden seier politiet skal bli meir effektivt og moderne, og rusta til å møte kriminaliteten i framtidia.

Det nye politiet

– Meistrane skal vere kulturberarane når politiet skal samlast om felles verdiar og felles identitet. Det er knytt store forventningar til jobben dei nye politimeistrane no skal ta fatt på.

Bøen og dei andre politimeisterane inngår i politidirektørens nasjonale leiargruppe, og får det strategiste leiaransvaret for politidistrikta. Dei skal sørge for rett prioritering på tvers av fagområde og geografi, skriv departementet i samband med utnemningane.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.