Hopp til innhold

Blues Brothers til Trandalblues i juli

– Dette er heilt utruleg, seier Kyrre Grimstad i Trandalblues. The original Blues Brothers Band kjem til ei bygd med færre fastbuande enn medlemmar i bandet.

Blues Brothers

Avdøde John Belushi og Dan Aykroyd spelte hovudrollene i filmen Blues Brothers frå 1980. No kjem mange frå det originale bandet til Trandal i sommar.

Foto: Universal Studios / AP

– Eg trur ikkje dei heilt veit kva dei har sagt ja til, humrar Kyrre Grimstad i arrangørstaben bak Trandalblues.

Kyrre Grimstad

Kyrre Grimstad i arrangørstaben for Trandalblues

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Dei får i alle fall ei utsikt backstage dei ikkje har sett maken til i heile karrieren, legg han til.

Bygda Trandal i Hjørundfjorden er mest veglaus, og du må i ferje eller båt for å kome deg dit. Det bur ni personar på Trandal, Blues Brothers tel 11 medlemmar.

Berre Trandal i år

The original Blues Brothers Band med Steve Cropper i spissen skal spele ein konsert i Noreg i år, på Trandal. Bandet har visstnok takka nei til Moldejazz.

Bjørns på Christan Gaard Trandal

Christian Gaard på Trandal der Trandalblues held til

Foto: Nils Arne Rørseth

– Fleire av medlemmane i den opphavlege har gått bort, men dette er det nærmaste ein kjem den originale gjengen, seier Grimstad.

10-årsjubileum

Trandalblues feirar 10-årsjubileum i år. For å markere dette har dei utvida festivalen med ein dag. I år strekkjer den seg frå torsdag 6. til laurdag 8. juni. I tillegg til Blues Brothers skal band og artistar som har gjort suksess tidlegare på festivalen kome tilbake. Dette er mellom anna Knut Reiersrud og Vidar Busk. Frå nærmiljøet kjem Bokkereidars Blues Band og det blir «kortreist»-rap med rapparane i Side Brok frå Ørsta.

Vidar Busk

Vidar Busk kjem tilbake til Trandalblues

Foto: Hege Bakken Riise / NRK