Mannen vart arrestert i Ålesund måndag 23. mars og teken inn til avhøyr.
– Det er med bakgrunn i fleire hendingar rundt barneskular i Ålesund og omland at mannen no er pågripen. Blant desse er ein tidlegare meldt episode ved Åse skule frå februar i år, seier politiinspektør Elin Drønnen i ei pressemelding.
Mannen vil verte framstilt for varetektsfengsling. Han er ikkje tidlegare straffa.
– Politiet meiner hendingane kan spenne over fleire år. For den vidare etterforskinga av omfanget er vi derfor svært interessert i tips eller observasjonar, seier Drønnen.
Tips kan ringast inn til 02800 eller sendast til post.sunnmore@politiet.no