Meir hissig
Mannen har blotta seg ei rekkje gonger. Nesten kvar gong skjer det mellom klokka 14 og 17. Politiet meiner blottaren er blitt meir hissig i det siste.
Blottaren slo til nokre timar etter gateparaden i går. Foto: Gunnar Sandvik.
Fleire gonger
Arild Angen, leiar ved etterforskingsseksjonen i Molde, seier at ein og same mann har blotta seg minst tre gonger. Sidan mars har politiet i Molde fått 5 meldingar om blotting. Det siste tilfellet skjedde i går.
- Det er ein mann på ca 180 centimeter, mellom 30 og 40 år,litt kraftig og lubben, han har musegrått kort hår og veltrimmet skjegg seier Angen.
Tøyer strikken
Dei som har meldt frå om episodane skal ikkje ha følt seg truga sjølve, men skal ha sagt at dei er redde for at mannsen skal kunne blotte seg overfor barn. - Vi ser at blottaren har begynt å bli meir aktiv, fordi han har begynt å følgje etter dei fornerma, seier Angen. - Det er tydeleg at han tøyer strikken litt på det området der, seier Angen.
På vakt
Politiet ser alvorleg på hendinga. - Sånt vil vi ikkje ha, seier Angen, vi ber publikum instendig om å vere på vakt, seier han.
Ved dei fleste tilfella har blottaren slått til om ettermiddagen, mellom klokka 14 og klokka 17. Dette skal ha skjedd i området bak Træff-huset, ved gangvegane mot Hatlelid-tunnelen. - Folk som går i området må vere på vakt, seier ettersorskingsleiar Arild Angen.