Blødde frå hovudet

Ved midnatt måtte politiet rykke ut på ei melding om ordensforstyrring ved studenthuset Rokken i Volda. Ambulansen blei også tilkalla, då ein person blødde frå hovudet. Personen blei så frakta til legevakt og blei følgt opp av helsepersonell.