Gjennom ein lengre radioserie har NRK sett fokus på forskinga som foregår rundtom i Møre og Romsdal.
Serien vart totalt på 33 episodar, og du kan høyre alle på denne sida.
Respekt for meitemarken
Forskar Reidun Pommeresche.
Foto: Heidi Fagna / NRKMeitemarken er eit lite kryp mange av oss ikkje er like begeistra for.
Reidun Pommeresche ved Bioforsk Økologisk på Tingvoll har forska på det vesle krypet i mange år.
Ho vil gi oss respekten tilbake.
Statskyrkja sikra landsmål
Språkforskar Per Halse.
Foto: Heidi Fagna / NRKFolk på Stranda protesterte då landsmålet kom inn i kyrkja. Det kjem fram i ei ny doktorgrad ved Høgskulen i Volda.
Og utan statskyrkja er det ikkje sikkert me hadde hatt eit nynorsk kyrkjespråk.
68-opprøret i media
Medieforskar Rolf Werenskjold.
Foto: Heidi Fagna / NRKNorske media behandla 68-opprørarane annleis enn dei utanlandske, viser ei doktorgrad frå Høgskulen i Volda.
Rolf Werenskjold tok for seg NRK Dagsrevyen, Aftenposten, Dagbladet og Arbeiderbladet.
Kven vert valdelege?
Psykologiprofessor Stål Bjørkly.
Foto: Heidi Fagna / NRKDet er mogleg å seie på førehand at utvalde personar kan kome til å utøve vald.
Det viser eit forskingsarbeid og ei sjekkliste, som professor Stål Bjørkly ved Høgskolen i Molde har vore med på å lage.
Vert mindre rause
Historieprofessor Ove Bjarnar.
Foto: Heidi Fagna / NRKAuka globalisering endrar kulturen i dei maritime klyngene. I dag deler maritime bedrifter mindre kunnskap enn dei gjorde før.
Eit forskingsprosjekt ved Høgskolen i Molde undersøkjer endringane i den gamle kystkulturen.
Hjorten vandrar langt
Hjorteforskar Erling Meisingset.
Foto: Heidi Fagna / NRKHjort kan vandre langt mellom vinterbeite og sommarbeite. I enkelte tilfelle går den så langt som ti mil.
Det har ein forskar ved Bioforsk økologisk på Tingvoll vore med på å finne ut.
Kormiljøet skal under lupa
Musikkforskar Øyvind Johan Eiksund.
Foto: Heidi Fagna / NRKKva har kormiljøet på Sunnmøre betydd for folk?
Det skal Øyvind Johan Eiksund skrive doktorgrad om ved Høgskulen i Volda.
Han skal følgje fire kor, men han har enno ikkje spurt om han får lov.
Graset påverkar mjølka
Mjølkeforskar Håvard Steinshamn.
Foto: Heidi Fagna / NRKMjølka vert påverka av kva slags gras det er der kua beitar.
Det spelar spesielt inn om bonden driv økologisk.
Det kjem fram i forsking frå Bioforsk økologisk på Tingvoll.
Tøft å vere pårørande
Høgskulelektor Aud Orøy.
Foto: Heidi Fagna / NRKDet er tøft å brått verte pårørande til nokon som hamna på akutten.
Då kan sjukehuspersonalet si åtferd verte veldig viktig.
Det er temaet i ei doktorgrad ved Høgskolen i Molde.
Menn kan donere blod oftast
Blodforskar Anne Synnøve Røsvik.
Foto: Heidi Fagna / NRKMenn kan gi blod oftare enn kvinner i fruktbar alder.
Friske menneske kan gi blod inntil fire gonger i året.
Det viser ei fersk doktorgrad frå Høgskolen i Ålesund.
- Avisene har det litt for godt
Medieforskar Torgeir Dimmen.
Foto: Heidi Fagna / NRKDriv norske lokalaviser for dårleg journalistikk?
Forskar Torgeir Dimmen ved Høgskulen i Volda syntest spørsmålet svirra i lufta.
Han sette seg føre å finne eit svar.
Vil finne ut av flåtten
Flåttforskar Ann-Kristin Tveten.
Foto: Heidi Fagna / NRKMe veit lite om flåttbåren sjukdom.
Det vil ein forskar ved Høgskolen i Ålesund gjere noko med.
Ho skal forske på borrelia og anaplasma, som begge kan gi sjukdom hjå menneske.
Å bruke minoritetsspråket
Forskar Randi Bergem.
Foto: Heidi Fagna / NRKElevar på nynorskskular skal verte meir medvitne språkbrukarar.
Det er målet i eit forskingsprosjekt Møreforsking i Volda tar del i.
Dei undersøkjer Ulstein vidaregåande skule.
Laga fraktsystem for dyr
Transportforskar Johan Oppen.
Foto: Heidi Fagna / NRKDet er mogleg å planlegge dyretransportruter automatisk.
Det har ein forskar i Molde funne ut.
Han er Noregs fremste ekspert på ruteplanlegging for transport av levande dyr.
Tøffe kår i Kristiansund
Forskar Finn Båtevik.
Foto: Heidi Fagna / NRKDet kan vere tøft å vere barn eller ungdom i Kristiansund.
Levekåra i byen er mellom dei dårlegaste i heile Møre og Romsdal.
Det viser ein rapport frå Møreforsking i Volda.
Fins Vigra-effekten?
Logistikkprofessor Svein Bråthen.
Foto: Heidi Fagna / NRKFlyplassane betyr noko for utviklinga i det lokale næringslivet.
Det er utgangspunktet for eit prosjekt Møreforsking i Molde jobbar med.
Dei skal sjekke Vigra-effekten.
Dokumenterte overfiske
Fiskeforskar Nils-Roar Hareide.
Foto: Heidi Fagna / NRKHan dokumenterte overfiske av ein sjeldan djupvassfisk i Irland.
Forskaren frå Runde miljøsenter jobba i beste detektivstil.
Irane døypte han inspektør Colombo.
Dilemma i helsevesenet
Forskarane May Østby og Heidi Hjelle.
Foto: Gunnar Sandvik / NRKDer går ei grense mellom kva utviklingshemma må få bestemme sjølv og personalet sitt ansvar.
Mange av dei som jobbar med denne gruppa tenkjer ikkje nok over dette dilemmaet, viser forsking frå Molde.
Maskin gir betre krabbe
Krabbeforskar Astrid Woll.
Foto: Heidi Fagna / NRKEi ny sorteringsmaskin skal gjere livet lettare for krabbefiskarar.
Den gjer det lettare å plukke vekk dårleg krabbe.
Ein forskar frå Møreforsking i Ålesund har kontrollert maskina.
Bør kalven få die?
Kalveforskar Britt Henriksen.
Foto: Heidi Fagna / NRKEr det best for kalven å verte tatt frå mora med ein gong, eller har den det best om dei får nokre dagar saman?
Det ville ein forskar på Bioforsk økologisk på Tingvoll finne ut.
Manetar kan vere forsøpling
Manetforskar Lise Chapman.
Foto: Heidi Fagna / NRKMe veit nesten ingenting om kva som skjer med daude manetar.
Vert dei fiskefôr? Forsøplar dei havbotnen?
Det skal ein forskar ved Runde miljøsenter finne ut.
Vil gi trygg reise
Logistikkforskar Øyvind Halskau.
Foto: Heidi Fagna / NRKIngen oljearbeidarar skal ha meir enn ei mellomlanding med helikopter på veg til plattformen dei jobbar på.
Det har Statoil bestemt.
Forskarar i Molde har sett på om det er den sikraste måten.
Studerer helsesøstrene
Forskar Berit Misund Dahl.
Foto: PrivatTidlegare var helsesøstra den einaste eksperten på familiehelse.
Det er ho ikkje lenger.
Eit forskingsprosjekt i Ålesund prøver å finne ut kva rolle ho har i dag.
Fjerdeklassingane forskar
Formidlar Kirsty McKinnon.
Foto: Heidi Fagna / NRKFjerdeklassingar vert små forskarar når dei får kome i skulehagen til Bioforsk økologisk på Tingvoll.
Ifølgje fagkonsulenten elskar dei å plante og grave - og til og med å luke ugras.
Demente kan verte aggressive
Forskarane Else Gjengedal og Eva Lykkeslet.
Foto: Heidi Fagna / NRKNår ein dement person vert forvirra, kan dei verte sinte og aggressive mot personalet på sjukeheimen.
To forskarar ved Høgskolen i Molde vil hjelpe dei tilsette.
Bør snakke i grupper
Forskar Frøydis Vasset.
Foto: Heidi Fagna / NRKDen ultimate medarbeidarsamtalen skjer i grupper.
Det har ein forskar i Ålesund funne ut.
Ho meiner tre personar er det beste talet.
Sjekkar satellittane
Satellittforskar Are Folkestad.
Foto: Heidi Fagna / NRKDen europeiske romfartsorganisasjonen tar satellittbilete av naturen rundt oss.
På Runde miljøsenter sit ein oseanograf og sjekkar at dei er rette.
Kan oppdage virus
Professor Harald Yndestad.
Foto: Heidi Fagna / NRKEit dataprogram utvikla ved Høgskolen i Ålesund kan vise oppdrettsnæringa når virus nærmar seg anlegga i havet.
Førebels ser det mest ut som eit avansert dataspel.
Trøbbel med psykiatri
Høgskulelektor Hans Petter Iversen.
Foto: Heidi Fagna / NRKStyresmaktene har støtt på utfordringar i omlegginga etter psykiatrireformen, og omlegginga går seinare enn planlagt.
Det viser eit forskingsarbeid frå Høgskolen i Molde.
Studentane er kjenslestyrte
Professor Øyvind Helgesen.
Foto: PrivatStudentar lar seg i stor grad styre av kjenslene sine.
Dei må høgskulane treffe for å få mest mogleg lojalitet.
Det har forskarar ved Høgskolen i Ålesund funne ut.
-Tøft å leve med dialyse
Høgskulelektor Elin Aasen.
Foto: Heidi Fagna / NRKDen som først vert avhengig av dialysemaskinene, er lenka til dei resten av livet. Å måtte reise inn og ut av sjukehus i årevis er tøft.
Ein forskar i Ålesund vil finne ut kor tøft det er.
- Tener på ekstradekk
Forskar Karolis Dugnas.
Foto: Møreforsking MoldeEit ekstradekk kan gi klare fordelar for offshoreskipa.
Ei slik investering kan til dømes gjere drifta meir effektiv.
Det viser eit prosjekt frå Møreforsking i Molde.
Gjer robotar enklare
Høgskulelektor Ottar Osen.
Foto: Heidi Fagna / NRKEin Iphone kan brukast til så mangt.
Ein forskar i Ålesund bruker den til å styre robotar.
Han vil gjere robotar så lette å styre at kven som helst kan gjere det.