Hopp til innhold

Blir vidare etterforska

Anders Talleraas frå Molde er ein av tre som blir vidare etterforska av Økokrim for pensjonsjuks.

Anders Talleraas
Foto: Marianne Øverland Hjelset. / NRK

Dei to andre som blir etterforska er Magnus Stangeland og Thor-Erik Guldbrandsen, melder TV2.


Bondevik blir ikkje etterforska

Økokrim starta i utgangspunktet etterforsking av seks tidlegare stortingsrepresentantar som var mistenkte for å ha fått for mykje i pensjon.

Ein av dei var tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik (Krf) frå Molde, men Økokrim legg altså vekk saka mot han.

Les: Lettet Bondevik

Det same gjeld Gro Harlem Brundtland (AP) og Tore Austad (H).

Talleraas blir vidare etterforska

Men tidlegare stortingsrepresentant Anders Talleraas (H) blir altså etterforska vidare.

Talleraas var svært skuffa då eit ekspertutval i januar i år konkluderte med at han var ein av dei som hadde fått for mykje i pensjon.

- Eg er veldig skuffa. Eg handa i god tru og meiner eg har halde meg til regelverket, sa Talleraas til NRK.

Striden om stortingspensjonane:

* I august i fjor vart det kjent at Riksrevisjonen i ein rapport til Stortinget konkluderte med at seks tidlegare stortingsrepresentantar skulle ha fått utbetalt til saman rundt 5,7 millioner kroner for mykje i tidlegpensjon.

* Eit utval leia av professor Asbjørn Kjønstad granska gullpensjonen til storintsrepresentantane og gjekk igjennom utbetalingar av pensjon etter Stortingets regelverk dei ti siste åra.

* Riksrevisjonen meinte desse tidlegare stortingsrepresentantene fekk for mykjee pensjon: Magnus Stangeland (Sp), Thorbjørn Berntsen (Ap), Anders Talleraas (H), Kjell Magne Bondevik (KrF), Erik Dalheim (Ap) og Hallgrim Berg (H).

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL