Stor lokalpolitisk erfaring
Den erfarne Senterparti-politikaren har hatt ordførarvervet i Rindal i 14 år og har plass i fylkestinget i Møre og Romsdal.
Han tapte kampen om topp-plassen på Senterpartiet sin stortingsliste med knappast mogleg margin under nominasjonsmøtet.
No kjem han altså inn i den politiske leiinga i Landbruksdepartementet.
Heggem sjølv vil ikkje kommentere saka.
- Spanande
Arne Magnus Aasen
Leiaren i Møre og Romsdal Bondelag, Arne Magnus Aasen, meiner det er spanande å få ein statssekretær frå Møre og Romsdal.
- Vi skal nok skulere han, seier Aasen spøkefullt.
Også dei siste fire åra har Møre og Romsdal hatt statsekretæren i Landbruks- og Matdepartementet der Leif Helge Kongshaug frå Averøy har vore Lars Sponheim si høgre hand.
WTO-forhandlingane
Den politiske leiinga i Landbruksdepartementet får ein svært tøff jobb på grunn av WTO-forhandlingane som blir heilt avgjerande for det norske landbruket si framtid.
- Forhandlingane avgjer kor stort handlingsrom politikarane vil få i forhold til landbruket og derfor blir utfallet svært viktig, seier Aasen.
Avviser knebling
Bondelaget er sjølv rikeleg representert i den politiske leiinga i Landbruks- og Matdepartementet. Statsråd Terje Riis- Johansen har bore styremedlem i Norsk Bondelag medan informasjonssjefen i Norsk Bondelag, Sigrid Hjørnegård, blir politisk rådgjevar.
Men Arne Magnus Aasen trur ikkje dette inneber at organisasjonen no blir knebla.
- Det er svært viktig å ha folk i departementet som kjenner landbruket, seier Aasen.