Grensa for å vere momsregistrert vart heva frå 30.000 til 50.000 kroner frå nyttår, og bøndene reagerer på at dei blir sletta før dei får høve til å auke omsetninga for å tilpasse seg dei nye reglane. Det seier leiar i Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag, Stein Brubæk.
Stein Brubæk, leiar i Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag.
Tilbakeverkande
Næringsdrivande som er registrerte i momsregisteret slepp å betale meirverdiavgift for investeringar og innkjøp. Fleire hundre bønder fekk i mai brev om at dei blir sletta frå dette registeret. Bonde- og Småbrukarlaget reagerer særleg på at inntekta dei tre siste åra vert lagt til grunn for sletting, altså inntekt dei hadde lenge før det vart vedtatt å heve momsgrensa til 50.000 kroner.
- Skattedirektoratet må avgjere
Kari Hurlen er avdelingssjef i avgiftsavdelinga på fylkesskattekontoret. Ho medgir at det er spesielt at hevinga av momsgrensa får tilbakeverkande kraft på denne måten, men seier skattedirektoratet må avgjere kva som skal skje.