Kystverket fryktar at brannen skal blusse opp igjen, dersom nokon skulle gå om bord i den utbrende fiskebåten Karm Viking. Dermed vil også eksplosjonsfaren auke igjen.
– Vi må ta det roleg ei stund, dersom nokon skulle opne ei luke kan brannen blusse opp igjen, seier vaktleiar Rune Bergstrøm i Kystverket.
– Eksplosjonsfaren er over
Politiet fekk melding om brannen seint torsdag kveld. Fredag blei båten slept frå kai på Stadlandet i Selje og ut i vanylvsfjorden. Brannvesenet frykta fleire eksplosjonar om bord sidan det fans to gassflasker om bord.
– No er eksplosjonsfaren så å seie borte, seier Bergstrøm.
Les også:
Vakthald døgnet rundt
Eigaren, Ervik Havfiske, sette fredag ettermiddag inn vakter som passar på at ingen kjem nær den utbrende fiskebåten. I heile natt har dei patruljert området rundt båten.
– Båten er følgt nøye av to mann i natt, og temperaturen fell heldigvis raskt, seier vaktleiar Rune Bergstrøm i Kystverket.
Les også:
– Liten fare for diesellekkasje
Den utbrende fiskebåten Karm Viking inneheld framleis 40 000 liter drivstoff. Kystverket frykta ei tid lekkasjar, men reknar med at faren er over.
– Nei, vi fryktar ikkje lekkasjar lenger slik situasjonen er no. Eigaren har tatt ansvar og skaffa lenser som ligg i beredskap, men så lenge båten er så stabil som no er det lite sansynleg, seier Bergstrøm.
Brannvesenet må truleg vente til måndag eller tysdag før dei kan gå om bord i båten. Då blir han truleg slept til kai.