Hopp til innhold

Blir meldt for aktlaus køyring

Ei kvinne blir meldt av politiet for aktlaus køyring, og blir fråteken førarkortet etter ho køyrde utfor vegen i Langevågen i Sula. Eit born som ikkje var sikra godt nok i bilen skal også vere sendt til legevakta for sjekk, det melder politiet på Twitter.