Hopp til innhold

Blir lokka med fisk, men drøymer om krim

Venninnene Thea Honningsvåg (15) og Julie Jønland Osen (15) let seg ikkje freiste av gratisseminaret med fiskerinæringa i Ålesund fredag. Begge drøymer om ei framtid med kriminelle.

Julie Jønland Osen og Thea Honningsvåg

Julie Jønland Osen t.v. og Thea Honningsvåg var fredag på seminar om framtida i fiskerinæringa, men seier dei helst vil bli etterforskar og advokat.

Foto: Synnøve Hole

Byturen fredag var sponsa av fiskerinæringa i området, og dermed kunne Julie Jønland Osen (15) og Thea Honningsvåg (15) bruke dagen i Ålesund, etter å ha vore på seminar. Initiativtakarane vil gjerne rekruttere nye jenter og gutar til fiskeri- og havbruk, men jentene let seg ikkje lokke.

– Nei, det er utanfor mi komfortsone. Eg vil ikkje tilverke fisken, det er ikkje noko for meg, seier Osen bestemt.

Fiskerinæringa prøver lokke til seg ung arbeidskraft. Nesten eitt tusen 15-åringar var i dag i Ålesund på seminar for å lære meir om mulege yrke på sjøen, men ikkje alle let seg freiste...

Ho har lenge drøymt om å bli politietterforskar, og den draumen aktar ho å forfølgje. Venninna Thea Honningsvåg kjem frå ein familie der alle jobbar i fiskerinæringa, men seier ho sjølv helst vil bli advokat.

Håper å få tak i dei beste

Anita Farstad

Anita Farstad ved Marint Kompetansesenter seier dei ser etter dei beste i flokken av ungdomsskuleelevar.

Foto: Synnøve Hole

Likevel er det nettopp desse jentene og nesten 1000 andre ungdommar fiskerinæringa vende seg til i Ålesund fredag. Alle blei påspandert bytur, for å høyre næringa reklamere for seg sjølv. Dei lokkar med gode lønsvilkår, mykje fritid og ein spennande jobb.

– Dette gjer vi for å få ut informasjon om sjømatnæringa og i dag hovudsakleg fiskeflåten. Vi ønskjer sjølvsagt også å rekruttere dei beste av dei beste, seier Anita Farstad ved Marint Kompetansesenter.

Bestemte seg då han var 5 år

Mats Grimstad

Mats Grimstad (25) var berre ein gutunge då han bestemte seg for å bli skipper. No har draumen blitt ein realitet.

Foto: Synnøve Hole

Mats Grimstad frå Valderøy i Giske har ein far i næringa, og fekk smaken allereie då han var ein gutunge. Han starta som fiskar, og er i ein alder av 25 år skipper i Nordnes-reiarlaget.

– Eg var berre fem år då eg bestemte meg for å bli skipper. Eg har vanka om bord i desse båtane, og det var aldri nokon tvil for min del, seier han.

Held fast på planane sine

Ungdommar på Fiskeflåtens Ungdomsmønstring

Nesten 1000 ungdommar var fredag på seminar med fiskerinæringa i området. Næringa vil gjerne ha dei beste av dei beste til faget.

Foto: Synnøve Hole

Så enkelt er det ikkje for Honningsvåg og Osen. Dei følgde fredag formiddag foredraget om framtida innanfor fiskerinæringa, men seier det ikkje endra noko for deira del.

Eg trur eg har vore ganske bestemt sidan eg var lita at eg ikkje ville arbeide med fisk, men eg veit jo ikkje kva som skjer når eg blir eldre, så det kan jo godt hende, seier Honningsvåg.

Kva skal til for å endre planane dine om å bli advokat?

– Kanskje dersom folk hadde snakka endå meir med meg, og fått meg med på fisking, kanskje eg hadde endra meg då, seier ho.