Hopp til innhold

Skal bli lettare å kome tilbake i jobb

Søre Sunnmøre har fått sine to første, formaliserte rekrutteringsavtalar. Det skal gjere det enklare for personar som har falle utanfor arbeidslivet å kome tilbake i jobb.

Furene

Representantar frå Kleven og Ulstein Group var til stades då ein rekrutteringsavtale vart signert med attføringsbedrifta Furene AS i Volda måndag.

Foto: Furene

Måndag inngjekk attføringsbedrifta Furene AS i Volda avtalar med Kleven og Ulstein Group i eit NHO-prosjekt som vert kalla "Ringer i vatnet".

Prosjektleiar i NHO, Hanne Hægh Ryste, forklarar at det ganske enkelt dreier seg om å bruke dei ressursane som allereie er til stades når ein skal fylle ein jobb.

– Næringslivet treng arbeidskraft og tradisjonelt så søkjer ein via vanlege kanalar eller for folk frå utlandet. Men så har vi ei gruppe som har falt utanfor arbeidslivet og som ikkje alltid vert gitt ein sjanse. Med denne avtalen forpliktar arbeidslivet og næringslivet seg til å sjå denne gruppa når ein skal tilsetje folk.

Ein ny sjanse

Ifølgje prosjektleiaren kan rekrutteringsavtalen sjåast på som ein intensjonsavtale.

– Dei som signerer avtalen må ta kontakt med attføringsbedrifta når dei har ei eignande stilling som skal lysast ut. Bedrifta kan då sjå om dei har kandidatar som matchar den kompetansen dei har behov for, eller kanskje berre treng litt påfyll. På den måten kan ein gje ein ny sjanse til nokon som har falle utanfor.

Ryste seier avtalen gjer at bedriftene kan vise til eit større samfunnsansvar ved å sjå på ein slik type arbeidsressurs, samstundes som dei også kan tene på det.

– Ved å sjå til denne gruppa menneske kan dei få lokal arbeidskraft som dei treng. Bedriftene har vore flinke til å ha tiltaksplassar og gje folk arbeidstrening, men no er også tanken å kunne tilby fast jobb, seier ho.

Kan bli fast jobb

Olav Stokke er marknads- og prosjektkoordinator i Furene AS. Han er fornøgd med rekrutteringsavtalen.

– For vår del i Furene vil dette ha mykje å seie. Som attføringsbedrift har vi har vi hatt eit behov for å få til gode løysingar og avtalar med næringslivet, seier Stokke.

– Det som er det flotte med denne avtalen, er at bedriftene har behov for arbeidskraft. Avtalen mellom bedrifta og deltakaren er å nå det målet i lag med re-kvalifisering og arbeidstrening, men målet er at det skal vere ein jobb i den andre enden – slik at den enkelte sit att med ein fast jobb, legg han til.

– God arbeidskraft

Ryste på si side kan ikkje garantere at alle får fast jobb med rekrutteringsavtalen, men har likevel god tru på prosjektet.

– Det er iallfall ei bevisstgjering hjå dei bedriftene som teiknar under på desse avtalane. Nasjonalt så ser vi at det er fungerer og at folk får jobb. Haldningar må endrast for at ein slepp folk inn, men så oppdagar bedriftene at det dreier seg om veldig god arbeidskraft, avsluttar ho.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL