Hopp til innhold

Blir lagt ned etter knapt 250 dagars drift

Det er mindre enn ni månader sidan asylmottaket i Kristiansund opna for å ta imot den store tilstrøyminga av flyktningar. No stengjer UDI dørene.

Leiinga ved Hero i Kristiansund
Foto: Synnøve Hole

Asylmottaket i Kristiansund blei opna så seint som i desember 2015, og har ikkje vore i drift meir enn i nokre månader. Han som i sommar blei tilsett som mottaksleiar rakk ikkje ein gong å bli varm i trøya.

Odd Inge Teige

Odd Inge Teige fekk berre nokre dagar i stolen som mottaksleiar i Kristiansund. No misser alle åtte jobben og 150 menneske som bur på mottaket må flytte.

Foto: Synnøve Hole

– Det blir ein kort karriere, for å seie det slik, humrar mottaksleiar Odd Inge Teige.

I Halsa blir senteret, som opna i januar, også lagt ned. Der bur 40 barn, og over 20 har arbeidsplassen sin der.

Også i Vestnes er det no kroken på døra. Der arbeider åtte tilsette og 150 bebuarar bor der.

– Det er veldig trist for oss, men vi må berre respektere avgjerda til UDI, seier mottaksleiar Melinda Sølsnes.

Les også:

Håpte å unngå nedlegging

Dei åtte tilsette i Kristiansund står no utan arbeid. Om lag 150 personar som bur på mottaket må sjå seg om etter andre stader å søkje husly. Teige seier at sjølv om nedlegginga kom brått på, er det ikkje uventa.

– Nei, eg er ikkje overraska over at senteret blir lagt ned. Vi har fått signala tidlegare, men håpte det ikkje blei oss, seier Teige nøkternt.

Det er ikkje alle som tek situasjonen like roleg. Ordføraren i Porsanger, Aina Borch, seier ho er forbanna og at dei er overkøyrt av useriøst flyktningearbeidet frå UDI.

Les også:

Mindre flyktningstraum enn venta

UDI legg no ned over 7000 mottaksplassar over heile landet, etter at flyktningstraumen blei mindre enn venta.

I Kristiansund må 150 menneske flyttast. Teige seier at dei nok er budde på det.

– Dei som er på mottak er budde på at dei enten blir flytta til ein kommune eller må reise heim, dei er jo eigentleg på flyttefot. Dette er eit venterom for flyktningar, der vi skal skape ein meiningsfull kvardag i venteprosessen, seier han.