NRK Meny
Normal

Nordmøringane blir ikkje samde

Dei 11 nordmørskommunane er framleis delte i synet på kva region Nordmøre bør høyre til i framtida. Fleirtalet vil til Trøndelag.

Orkidemøtet i gang

Fredag var Nordmøre regionråd samla for å diskutere framtida til Nordmøre.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I desember skal fylkestinget gjere vedtak om framtida til Møre og Romsdal, og deretter skal Stortinget ta den endelege avgjerda. Fredag var Nordmøre regionråd samla for å diskutere saka. Sju av dei 11 kommunane vil nordover til Trøndelag. For første gong flagga ordføraren i Kristiansund, Kjell Neergaard (Ap), tydeleg at kommunen bør gå nordover og bli ein del av ein ny region i Midt-Noreg.

– Eg ynskjer at heile Nordmøre skal bli med oss på den vegen vi går, seier Neergaard.

LES OGSÅ:

Bestå som eige fylke

Ikkje alle var samde med Kristiansund. Sunndalsordførar Ståle Refstie (Ap) meiner at Møre og Romsdal skal halde fram som eige fylke. Også Tingvoll, Gjemnes og Averøy ynskjer at Møre og Romsdal skal vere ein eigen region på det nye regionskartet.

Det vart lagt fram fleire utgreiingar om vegvalet for Nordmøre, men ingen av dei gav klare konklusjonar. Ordførarane og rådmennene måtte gjennom fleire rundar med utkast, før dei klarte å bli samde om ein felles uttale. Eit viktig punkt alle kan einast om er at dersom Stortinget meiner at Møre og Romsdal er for lite som eigen region, ynskjer nordmørskommunane å gå nordover til ein midtnorsk region.

Svekker styrken

Ola Rognskog er leiar for Nordmøre regionråd og han er ikkje skuffa over vedtaket.

– Eg er realist og tenker at dette er eit sant bilete av kvar politikarane på Nordmøre står. At det ikkje vart eit eintydig signal, svekker sjølvsagt styrken, men det er sant og reelt, seier Rognskog.

Fylkesadministrasjonen skal ta regionssaka vidare og legge den fram for fylkestinget 12. desember.