Hopp til innhold

Blir ikkje nasjonal turiststi

Norsk Tindesenter har fått avslag på søknaden om å få Nasjonal turiststi-status for Romsdalseggen frå Miljødirektoratet. Bygginga av gondolbane og det som høyrer til skal vere grunngjevinga dei fekk, skriv senteret i ei pressemelding. Dei og Rauma kommune vil klage avgjerda til Klima- og miljødepartemenetet. Tindesenteret vil ikkje få 300.000 i årlege driftstilskot, og dei meiner eit endeleg avslag vil føre til ein betydeleg reduksjon i moglegheitene for å gjere nødvendig tilrettelegging og tiltak.

11
Foto: Øystein Tveiten