Hopp til innhold

Blir følgt opp av direktoratet

Politidirektoratet vil følgje opp forhold som har blitt avdekt i samband med undersøkinga av ei varslarsak om kritikkverdige forhold i Møre og Romsdal politidistrikt. Det viser avslutningsbrevet frå Politidirektoratet. Varselet retta seg mot politimeister Ingar Bøen. Politidirektoratet konkluderte i mars med at det ikkje har skjedd kritikkverdige forhold etter arbeidsmiljøloven. Dei ser ikkje at det er behov for ytterlegare undersøkingar, men skriv i avslutningsbrevet at dei likevel vil jobbe vidare med forhold som har blitt avdekt med tanke på forbetring og læring.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL