Hopp til innhold

Reagerer på falske TikTok-kontoar: – Det er forkasteleg

Det er oppretta falske TikTok-kontoar for fleire ungdomsskular det siste året, med til dels svært grov humor. Ein skule svarar med å politimelde dei.

Tiktok på ungdomsskole

Det er oppretta fleire falske tiktok-kontoar som skal representere ulike skular. Ein rektor i Ålesund reagerte så sterkt på noko av innhaldet at han gjekk til politiet.

Foto: Remi Sagen / NRK

TikTok har på kort tid blitt ei av dei mest populære sosiale plattformene, ikkje minst blant barn og unge.

No har det blitt ein trend på fleire skular å opprette falske kontoar i skulen sitt namn, for så å leggje ut dryge humoristiske videoar på slike kontoar.

Harald Eidsaa

Harald Eidsaa er rektor på Blindheim ungdomsskole i Ålesund.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Eg synest det er forkasteleg, dei har eit innhald som vi ikkje synest er bra i det heile tatt, seier rektor Harald Eidsaa på Blindheim ungdomsskule i Ålesund.

Kontoane har lagt ut videoar av typen som florerer på nettet (memer), men med kommentar om livet på skulen. Det har også blitt lagt ut videoar av elevar utan samtykke.

Blant anna reagerer han sterkt på ein videoar med ein gut i konsentrasjonsleir henta frå filmen «The Boy With the Striped Pyjamas»

Skjermdump fra Tiktok.

Videoar på TikTok-kontoen «Blindheim_ungdomsskole», som ikkje er oppretta av skulen sjølv. Det er NRK som har sensurert.

Foto: Skjermdump

– Har dratt det litt langt

I mai skreiv NRK om at falske skulekontoar var blitt eit utbreitt problem på vidaregåande skular, men det skjer altså også på ungdomsskular som i Ålesund, på Sortland og Rakkestad.

Møre ungdomsskule ligg berre et par steinkast unna Blindheim, og TikTok-kontoane har også vore ein snakkis blant elevane her.

– Eg trur hovudpoenget var å tulle litt. Det var morosamt i starten, men så har dei dratt det litt for langt synest vi, seier Nicolas Lee Sode Hansen på tiande trinn.

Ungdommer på Møre ungdomsskole.

Jakob Kjellberg, Nicolas Lee Sode Hansen, Ingunn Myren, Elise Oksavik på Møre ungdomsskule. Dei synest godt dei kan lære meir om nettvett og kva som er greitt og ikkje.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei fire NRK møtte ser humoren i ein del av videoane, men ikkje når det går utover enkeltelevar eller spelar på rasisme og liknande.

– Eg synest det er ganske unødvendig at dei brukar energien sin på sånne ting, når dei heller kan vere snille mot folk, seier Ingunn Myren.

Meldt til politiet

Etter å ha oppdaga fire kontoar med namnet til skulen i oktober, forsøkte rektor Eidsaa å få TikTok til å fjerne dei, men fekk til svar at dei ikkje var støytande nok.

Han fann også bilde der formålet kunne verke som å skulle spleise elevar, altså at ein set saman fiktive kjærastepar som eigentleg ikkje høyrer saman.

– Elevane synest dette er ugreitt. Då er vi pliktig til å gjere nok med det, seier Eidsaa.

Tiktok på Møre ungdomsskule i Ålesund.

Elevane på Møre trur nok dei som står bak forstår alvoret når kontoane blir politimeldt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Skulen har no meldt saka til politiet. Dei veit ikkje kven som står bak, men etter at skulen sende eit skriv om videoane til foreldra, blei tre av fire kontoar fjerna etter kort tid. Eidsaa mistenkjer derfor at elevar står bak.

Kan vere straffbart

Politiet i Møre og Romsdal får inn førespurnader om falske kontoar kvar veke, og kjenner til fleire tilfelle med ungdomsskular og TikTok.

– Alle tilfelle av uthenging ser vi på som uønskt åtferd, og vil i fleire tilfelle vere straffbart, seier politiførstebetent i avdeling for førebygging og etterretning i Møre og Romsdal politidistrikt, Ole-Andreas Christensen.

No kjem politiet til å ha eit digitalt møte på Blindheim ungdomsskule for å fortelje om kva som er greitt og ikkje på sosiale medium.

Pliktig til å gje opplæring

Kaja Hegg jobbar som rådgjevar i Redd Barna med nettvett som hovudområde. Ho er godt kjent med problemstillinga, og meiner falske profilar er noko samfunnet må ta på alvor.

– Det kan ha store negative konsekvensar, både for barna som er involvert og for skulen og klassemiljø. Dei gir falsk informasjon og skapar masse usikkerheit, seier Hegg.

Kaja Hegg

Kaja Hegg i Redd Barna meiner det er viktig at samfunnet tar problemstillinga med falske profilar på alvor.

Foto: KJETIL GRUDE FLEKKØY / NRK

Ho peiker på at skulen er pliktig til å gje barn og unge opplæring om nettvett, og må ha rutine for korleis ein følgjer det opp.

– Det er veldig viktig at vi lærer barn å vere sannferdig. Dette viser at samfunnet har overlate altfor mykje av barns internettkvardag til seg sjølv. Dei treng informasjon om kva som er greitt og ikkje.