NRK Meny
Normal

– Det er ufatteleg vondt og trist

Ulukka førre fredag, der fire år gamle Adrian Gjærde omkom, har etterlate ein barnehage i djup sorg.

Adrian Gjærde omkom i barnehageulykken i Ålesund

Fire år gamle Adrian Gjærde omkom i den tragiske barnehageulukka i Ålesund sist fredag.

Foto: MALIN KJELSTADLI KORSNES/NRK og Privat/NTB scanpix

– Blindheim barnehage er i djup sorg etter ulukka som råka barnehagen fredag 27. juni, seier dagleg leiar Torhild Haugland på barnehagen sine heimesider tysdag.

Det var like før klokka 11 førre fredag at den tragiske ulukka skjedde. Adrian Gjærde (4) omkom etter å ha fått ei snor frå ein ryggsekk rundt halsen.

– Skal ikkje kunne skje

Haugland og dei andre tilsette i barnehagen har i etterkant av ulukka blitt avhøyrde av politiet – som framleis etterforskar saka.

– Det er ufatteleg vondt og trist at eitt av barna i barnehagen er borte, seier barnehageleiaren.

– Vi vil uttrykke våre sterkaste kondolansar til guten si familie og andre pårørande i denne tunge tida. Dykk har våre djupaste medkjensler, skriv ho vidare.

Vidare seier Haugland at barn skal vere trygge i barnehagen.

– Ei ulukke som den som skjedde i vår barnehage sist fredag skal ikkje kunne skje, slår ho fast.

"Gudrun Kalvatn"

Politiadvokat Gudrun Kalvatn sa måndag at politiet treng tid på å etterforske saka.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Av omsyn til politiet si etterforsking vil ikkje barnehagen gi ytterlegare kommentarar på noverande tidspunkt, melder dei.

Det blir òg meldt at barnehagen vil vere stengd tysdag 8. juli i samband med gravferda.

Politiet treng tid

Politiet på si side vil bruke dei neste vekene på å etterforske ulukka.

– Det er framleis mange detaljar knytt til hendinga som må på plass og gåast gjennom, før vi kan slå fast omstenda rundt hendingsgangen. Dette arbeidet kan ta noko tid, sa politiadvokat Gudrun Kalvatn til NRK måndag.

På spørsmål om politiet har grunnlag for å tru at det har skjedd svikt i rutinar eller andre ting i barnehagen, var Kalvatn tydeleg.

Jørn-Tommy Schjelderup

Jørn-Tommy Schjelderup i Private Barnehagers Landsforbund seier til NRK at dei vil hjelpe med det dei kan.

Foto: Frode Antonsen

– På noverande tidspunkt har vi ingen grunn til å tru det. Vi etterforskar framleis dette som ei ulukke, opplyste politiadvokaten.

Får hjelp av kriseteam

Kriseteamet i Ålesund kommune kom raskt på plass då tragedien var eit faktum.

Også Private Barnehagers Landsforbund (PBL) er kopla inn i saka.

Jørn-Tommy Schjeldrup i PBL seier til NRK at dei vil hjelpe til med det dei kan i tida framover.

– Ålesund kommune har eit så godt kriseteam at dei har tatt seg av det meste til no. Men tida framover blir tung for mange, og vi vil hjelpe til der vi kan, seier han.

NRK følgjer saka.